Sport | 21. mai 2012

I kø for å fly

VIDEO: Os Aero klubb gler seg over strålande vêr og godt besøk under open dag søndag.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. mai 2012 08:20

Bildeserie:

Mange kom for å fly, nokre kom berre for å sjå. (Foto: KVB)
Mange kom for å fly, nokre kom berre for å sjå. (Foto: KVB)
Jim Heldal var også nedom. (Foto: KVB)
Jim Heldal var også nedom. (Foto: KVB)
Kafeen ved klubbhuset er ein fin plass å venta på tur. (Foto: KVB)
Kafeen ved klubbhuset er ein fin plass å venta på tur. (Foto: KVB)
Så var det take-off. (Foto: KVB)
Så var det take-off. (Foto: KVB)
Det var tett med fly over Os i går. (Foto: KVB)
Det var tett med fly over Os i går. (Foto: KVB)
Midtsiden fekk ein tur i mikrofly med Steinar Vinje frå Voss. (Foto: KVB)
Midtsiden fekk ein tur i mikrofly med Steinar Vinje frå Voss. (Foto: KVB)
Vinje styrer all navigasjon med iPhone. (Foto: KVB)
Vinje styrer all navigasjon med iPhone. (Foto: KVB)
– Ikkje lengre vest, for då er vi i Flesland si sone. (Foto: KVB)
– Ikkje lengre vest, for då er vi i Flesland si sone. (Foto: KVB)
Søre Neset skule. (Foto: KVB)
Søre Neset skule. (Foto: KVB)
Her ser vi kor stor kai Sjøfront-blokkene står på. (Foto: KVB)
Her ser vi kor stor kai Sjøfront-blokkene står på. (Foto: KVB)
1 av 10

Motorfly, seglfly, modellfly og helikopter var i går samla på Vaksinen på Ulven. Med lettskya vêr og lite vind blei det mange som kom for å sjå - og for å sitja på.

– Det blei veldig vellukka, det var full aktivitet frå vi starta rundt klokka 12 til vi stengte av litt over klokka 21 søndag kveld, seier formann Tore Øvreeide.

Nærmast heile dagen var det ventelister på å prøva seglfly eller på å få ein tur i slepefly eller mikrofly.

– Vi hadde mange vaksne i lufta, men heldigvis kom det også ein del ungdomar. Open dag er ein aktivitet for å visa folk kva vi driv med, det er ikkje meir enn rundt 25 klubbar i Noreg, berre 15 som er skikkeleg aktive. Og det er mange i Hordaland som ikkje veit om oss og kva vi har å tilby.

– Hovudmålet er å rekruttera nye pilotar, det er viktig for oss å halda aktivitetsnivået oppe. Konfirmasjonsalderen er passeleg tid å starta, eller før, med modellfly, anten ein vil ha ein karriere innan fly eller ha ein fin hobby. Og vi hadde ein del av desse på rundt 15 år innom i går, så det blir litt å følgja opp no i ettertid, seier Øvreeide.

Les òg:
Kan bli Noregs yngste flyinstruktør
Tysk kampfly over Os

VIDEO (1:29): Sjå stemningsrapport frå Vaksinen og bli med ein kort flytur over Os i mikrofly. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.