Lokal | 28. aug. 2011

I kø for hønebingo

Bondens Dag 2011: Fire gongar måtte dei kjøra hønebingoen for at alle som ville skulle få satsa.

I kø for hønebingo
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. aug. 2011 08:03

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

– Det er berre hobby, seier Aase Lønningdal, som laurdag stilte med høner til utstilling og hønebingo under Bondens Dag i Os sentrum og på Kyrkjeflaten.

Lønningdal byrja med høner for eit år sidan og har no 150 fuglar av 12 ulike rasar.

– Eg driv avl, ikkje eggproduksjon. Egga går rett i rugemaskina. Den der, den vesle svarte, kjem til å legga turkise egg, fortel ho.

Populær hønebingo

Hønebingo, som var nytt i år, blei ein populær aktivitet. På ei sponplate, som blei gjerda inn, hadde bondelaget ruta opp 4 x 10 ruter og skrive tala frå 1 til 40 på vilkårlege ruter.

Før bingoen starta blei det selt eitt lodd per rute. Den som hadde loddet til ruta der den første høneskiten landa måtte ropa «bingo».

Dei første 40 lodda blei selt i ein fei og det sto fleire som ikkje fekk kjøpa til første runde.

– Vi tar fleire rundar, forsikra speaker Harald Eide.

Engevik-jenter med bingo-talent

Det gjekk knapt eitt minutt før første skit var landa - på talet 13. Deltakarane, som sto tett på bingobrettet, sjekka lodda sine.

«Bingo», ropte Ida Engevik.

Ida hadde lykkeloddet og fekk ein pakke egg (frå Lønningdal) og ein stor pose med sjokolade i premie.

Andre runde overraska mor til Ida, Veronika K. Engevik, med å vinna.

Hønebingoen heldt fram i fire rundar for at alle skulle få delta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.