Lokal | 18. aug. 2011

I kø for å koma til Os

Passerer 18.000 allereie neste år: Folkeveksten i Os har aldri vore høgare.

I kø for å koma til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. aug. 2011 20:08

I dag blei folketalet for 2. kvartal publisert på ssb.no (Statistisk Sentralbyrå). Os kommune hadde 1. juli 2011 heile 17.455 innbyggarar, 534 fleire enn 1. juli i fjor og ei auke på 148 frå utgangen av 1. kvartal i år.

Held veksten fram med denne farten passerer vi 18.000 innbyggarar hausten 2012.

Ofte er hausten den tida med høgast folkevekst i Os.

Årsaker til høg vekst i 2. kvartal 2011:
• 72 blei fødd, berre 3. kvartal 2008 har fleire fødde (75)
• Fødselsoverskot på 44, berre 2. kvartal 2003 var høgare (45)
• Innvandring: 57 = ny rekord
• Nettoinnflytting: 104 (berre tre tidlegare kvartal har hatt høgare nettoinnflytting)

4 av dei 5 siste kvartala er blant dei 6 kvartala med høgast vekst nokosinne, dei andre 2 kvartala er ikkje langt bak.

• Folkeveksten i 2010 (frå 1. januar til 31. desember 2010) var på 526
• Folkeveksten frå 01.04.10 til 01.04.11 var 553, den 12-månadarsperioden med høgast vekst nokosinne.

Vekst i folketalet per år dei siste 13 åra
(Tal for Os, frå 1.1 til 31.12 per år)
2011: Første halvår, 231
2010: 526
2009: 247
2008: 382
2007: 460
2006: 335
2005: 352
2004: 297
2003: 283
2002: 225
2001: 131
2000: 76
1999: 138
1998: 186

Os kommune har hatt vekst i folketalet kvart kvartal sidan 1. kvartal 2001, då folketalet gjekk tilbake med 5 innbyggarar.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.