Lokal | 31. des. 2009

I kveld blir den mørk

Vi avsluttar 2009 med delvis måneformørking.

I kveld blir den mørk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. des. 2009 02:16

Torsdag 31. desember blir det delvis måneformørking. Jorda kjem til å skygge for månen, som berre kjem til å visa delar av seg sjølv.

Korleis den kjem til å sjå ut er vanskeleg å seia.

- Det har med jordatmosfæren å gjera; den kan vera mørk, lys, grå eller raud. Om eg får tippa blir det ein slags raudfarge på den nedre delen av månen, seier astronom Knut Jørgen Røed Ødegaard til VG Nett.

Dersom det ikkje blir overskya skal du kunna sjå måneformørkinga, utan spesialutstyr, frå klokka 19.52 til 20.52 nyttårsaftan.

Måneformørking skjer når jorda kjem mellom sola og månen. Sett frå månen er det ei solformørking.
Sist vi hadde solformørking var 1. august 2008, neste gong er i 2011.
Her kan du sjå bilde av førre solformørking.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.