Vêret i Os | 08. nov. 2023

I kveld skal det pøsregna - så kjem fleire solrike dagar

Fin vintermorgon i Os i dag.

I kveld skal det pøsregna - så kjem fleire solrike dagar
Soloppgang sett frå Ulvenvatnet i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. nov. 2023 08:48

Onsdag morgon blei kaldare enn tidlegare meldt, med 2 minusgradar var det is på bilruta og frost i graset før sola sto opp på skyfri himmel.

Også dei neste dagane blir tørre, nokre av dei blir òg solrike.

Men først; ei natt med nedbør.

Det er meldt 5 gradar og regn frå 21-tida i kveld til 04 natt til torsdag.

Om det blir kaldare enn meldt også neste natt, kan nedbøren koma som snø, og vi får ein glatt morgon.

Resten av torsdag og heile helga, til og med måndag, er det meldt opphaldsvêr.

Torsdag og laurdag skal bli lettskya, fredag overskya, søndag og måndag skyfri.

Søndag ligg an til å bli ein strålande turdag!

Vindstyrken er venta å ligga på 2-5 m/s.

Temperaturen skal halda seg på rundt 5-6 gradar, men gå ned mot null over helga. Tysdag kveld er det meldt nedbør, og held vêrvarselet seg som no, kan vi få snø nokre dagar i neste veke.

I mellomtida fortel Myrkdalen om null centimeter med snø, men ein snøproduksjon som er i gang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.