Lokal | 29. aug. 2016

I kveld starter Gry nordover

Lærar Gry B. Skarstein frå Os deltar i årets 71 grader Nord. I går var ho på premierefest i Oslo, i dag blir første episode sendt.

I kveld starter Gry nordover
Gry B. Skarstein saman med programleiar for 71 grader Nord, Tom Stiansen (foto: Matti Bernitz, TVNorge)
Andris Hamremandag 29. aug. 2016 12:15

Midtsiden snakkar med Gry B. Skarstein når ho sit og ventar på flyet heim frå Oslo.

– Eg var i Oslo i går på premierefest og fekk saman med dei andre deltakarane sjå første episode. Det var heilt fantastisk og veldig spennande, fortel ho.

Kjekt møte

71 grader Nord er det realityprogrammet som har gått lengst på norske TV-kanalar. Årets runde er den 18. i rekka og blei spelt inn på vårparten.

– Det var veldig kjekt å møta dei andre deltakarane igjen og å sjå den første episode saman med dei.

– Nokre av dei har eg møtt i sommar, medan andre har eg ikkje sett eller snakka med sidan vi var ferdige med innspelingane, fortel Gry, som naturleg nok ikkje kan fortelje kor lenge det er sidan, for då ville ho kunna røpa kor langt ho kom på vegen til Nordkapp.

Eldstedottera sitt initiativ

Æra for at ho meldte seg på gjev ho til den eldste dottera si.

– Eg og ho sat og følgde fjorårssesongen saman. I kvar episode kommenterte eg at der skulle eg gjerne ha vore eller den aktiviteten hadde eg hatt lyst til å prøva.

– Då Tom Stiansen dukka opp igjen på skjermen og sa at no kunne du melde deg på til neste sesong av 71 grader Nord, blei dottera mi i fyr og flamme.

– «Dette må du gjera mamma», var beskjeden eg fekk.

– Ho gler seg vel stort no då, når mamma er ein av deltakarane?

– Ja, ho er kjempestolt og gler seg enormt til å benka seg framfor TV-en for å følge med meg.

– Ho har vist presentasjonsvideoen av meg til vener og kjende på skulen òg, ler Skarstein.

Blei så fantastisk som ho trudde

Om sjølve turen fortel Skarstein at det blei akkurat så bra som ho hadde håpa på då ho satt heime i stua og kommenterte fjorårets sesong.

– Det har så absolutt vore ei oppleving frå byrjing til slutt. Turen har rett og slett vore ubeskriveleg.

Kviledagane verst

I presentasjonsvideoen fortel Skarstein at ho trur det vanskelegste blir sakne av familien.

– Det blei det også. Det var mykje tøffare enn eg hadde trudd.

– Du veit vi er heilt avskoren frå omverda og lever i ei boble. Vi går utan klokke eller mobiltelefon og er heilt isolerte. Spesielt på "kviledagane", då det anten var konkurranse, val eller transportetapper, var saknet stort. Det å ikkje vita korleis det sto til med dei heime var ikkje lett.

Lettere gjekk det når dei var ute på etappane.

– Då er du så konsentrert om den oppgåva som skal løysast, så då tenkjer du ikkje på noko anna, forklarar ho.

Berre positive tilbakemeldingar

Etter at det blei kjend at Skarstein var ein av deltakarane tidlegare i sommar har ho fått mykje positiv respons.

– Det har utelukkande vore positive tilbakemeldingar. Eg var spesielt spent på kva foreldra til elevane i klassen min ville seie, men det har berre vore positivt. Eg gler meg til at programmet byrjar i kveld. Då er det berre å følgje med, avsluttar Gry B. Skarstein.

Programmet blir sendt på TV Norge klokka 20.30. Ruta deltakarane følgjer denne sesongen er i følgje kanalen: Lindesnes, Sirdal, Hovden, Øystese, Myrkdalen, Hurrungane, Åndalsnes, Børgefjell, Sjunkhatten, Bognes, Senja (Djevelens tanngard), Porsanger, Magerøya og Nordkapp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.