Sport | 08. sep. 2018

I Lillestrøm på Bring-kvalik

16-åringane frå Nore Neset og Os er nyleg samla til eitt.

I Lillestrøm på Bring-kvalik
2002-årgangen frå Os, nyleg slått saman med Nore Neset. Mia Torp Nielsen og Ruth Moberg er trenarar. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. sep. 2018 09:21

Os J16 er på plass i Lillestrøm for kvalifisering til Bring-serien.

– Vi har mange gode spelarar, jamt god gjennom heile troppen, seier trenar Mia Torp Nielsen.

Ho har med seg Ruth Moberg til å leia laget, som i sommar blei oppretta av Nore Neset og Os sin 2002-årgang.

Mia, som sjølv er fødd i 1999, overtok som trenar 1. august.

– Vi har brukt den første tida til å bli kjente med kvarandre. Ikkje berre sosialt, men spelemessig, at vi får samkøyrd dei beste trekka vi har øvd inn.

Tre kampar i helga

Os hadde ingen lag i Bring-serien i fjor, men årgangane før, som 2000 og 1999, var i sving i den riksdekkande serien som tillegg til eigen lokal serie.

– Eg håper vi klarer kvalifiseringa, det er ekstra stas både med desse turane og med tilleggsserie mot gode lag frå andre delar av landet, seier Mia.

Det er berre tre år sidan ho sjølv spelte Bring-serie.

I dag møter Os Hinna og Lillestrøm, søndag møter dei Tvedter.

– Vi kjenner ikkje så godt til motstandarane, men reknar med at vi får tøffe kampar, seier Mia, på veg med laget til første kamp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.