Lokal | 27. apr. 2009

I marsj på ny gangveg

Ulvenmarsjen blei ekstra fin i år, med strålande sol og ny gangveg på delar av strekningen. Fleire fekk også utmerkingar for lang og tru "marsj-teneste".

I marsj på ny gangveg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. apr. 2009 10:07

Bildeserie:

1 av 2

Laurdag og sundag blei Ulvenmarsjen i Os arrangert på 31. gang. I flott vêr begge dagar, og ny gangveg mellom Kolskogen og Ulvensletta, blei marsjen både varm og trygg.

- Det blei eit fint arrangement, men kanskje litt for fint vêr, seier arrangør Erling Andersen.

Deltakartalet på 436 er blant dei fem svakaste dei 31 åra marsjen har gått.

I jubileumsåret i fjor var det 560, i 2007 432 deltakarar.

- Men det går framleis rundt, og vi har midlar til å driva eit år i minus. I år tok vi oss ikkje råd til å senda ut flygeblad, så vi må nok bli betre på marknadsføring av marsjen skal vi få deltakartalet opp. Og så var kanskje vêret litt for fint, at folk prioriterte hage eller båtliv i staden.

Fleire år på rad
I fjor var det 9 personar som gjekk for 30. år på rad, som altså hadde gått alle 30 åra. I år var det éin person som gjekk for 30. år på rad.

- Johannes Åkre fekk utmerking for sine 30 år. I tillegg gjekk 7 personar for 31. år på rad, fortel Erling.

Tre deltakar gjekk for 25. år på rad: Marit G. Vik, Arild Gill og Atle Midtsem. Éin deltakar gjekk for 20 år på rad, to gjekk for 20. gong (ulike år), tre gjekk for 15. år på rad, fire gjekk for 10. år på rad.

Fotland var raskast
13 deltakarar gjekk på tid. Blant desse var Arild Fotland raskast, med tida 1.18.30. Pål Erik Lund var nest raskast med tida 1.21.20.

- Lund gjekk på same tid som Kjersti Tysse Plätzer, som vann dameklassen. Haldis Nagell Dahl blei med tida 1,42 nest raskaste kvinne, seier Erling Andersen.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.