Næringsliv | 11. nov. 2011

I ny ham

DnB Nor, Vital og Postbanken skiftar i dag namn til DNB. - Folka er framleis dei same, forsikrar banksjefen.

I ny ham
Andris Hamrefredag 11. nov. 2011 05:38

I 2005 fusjonerte dåverande Den Norske Bank og Gjensidige Nor Sparebank til det vi dei sista åra har kjent som DnBNor. I konsernet har òg Vital og Postbanken vore med under eigne merkenamn.

- Internt kallar vi det mest for eit ham-skifte kor alle verksemdene no får same namnet, forklarar marknadsområdesjef Jan Erik Olsvold.

Endringa er «enkel» kor både bank og forsikringsverksemda no blir å finne under namnet DNB, men for selskapet kostar det med ny profil, skilt og ny nettbank.

- Derfor kjem endringa på skilt og slikt å gå heilt fram mot neste sommar, forklarar Olsvold.

- Den største endringa for kundane er nok den nye nettbanken kor funksjonalitet, design og menystruktur har blitt endra.

- I tillegg får dei no samla både bank og forsikringar på ein plass, forklarar Olsvold.

- Men folka kjem framleis til å vera dei same, forsikrar banksjef Trygve Amundsen.

Framleis bank i butikk

DNB-kundane har tidlegare kunne gjera banktransaksjoner på Meny, Kiwi og Eurospar i tillegg til i banken og på Posten.

- Det kan ein framleis gjera.

- Vi har fleire kundar som vel å nytta bank i butikk-løysinga på Meny for å settje inn dagsomsetninga i butikkane sine eller handtere rekningar utanom bankkontoret si opningstid.

- Spesielt på stader kor det er litt lengre til bankkontoret har dette vore ein suksess, forklarar Amundsen.

Men ønkjer då å låne pengar av banksjefen må du framleis ta turen til kontoret på Osøyro som etterkvart får nye skilt og design.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.