Sport | 22. sep. 2010

I radiostyrt NM

Os var godt representert under NM for radiostyrte bilar. No vil deltakarane bygga bane i heimbygda.

I radiostyrt NM
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. sep. 2010 20:17

Fire osingar stilte opp då Grenland Modellbilklubb arrangerte NM for radiostyrte bilar i 1:10 offroad i helga som var. Det var totalt drygt 80 deltakarar fordelt på klassane 2 WD og 4 WD. NM gjekk av stabelen på eit flott anlegg nær Geiteryggen lufthamn ved Skien.

Dei tre juniorane Øystein Flint (15), Stian Fosse (15) og Andreas Johannssen (14) hadde saman med veteran, trenar og sjåfør Jostein Helland ei morsom og lærerik helg. Resultatet er det heller ikkje noko å seia på.

Nest beste junior
I 4 WD-klassen blei det mykje trøbbel for Flint, men i klassen for tohjulstrekk gjekk det betre.

- Øystein blei beste U16-førar og nest beste junior i 2 WD. Dessverre var det ingen offisiell juniorklasse i år, men prestasjonen var det ikkje noko å seia på, fortel Helland.

Gode debutantar
For Stian og Andreas var dette første nasjonale løp nokosinne. Gutane opna varsamt, men fekk bra fart på bilane etter ei stund.

- Det blei nokre små tekniske problem, men dei blei reparert kjapt. Laurdag kveld og delvis natt til sundag blei brukt til å skifta demparolje og gjera diverse justeringar, så neste dag blei betre.

Dei to kom til D- finalen i 4 WD-klassen. Her blei det 4. plass til Stian og 5. plass til Andreas.

Jostein Helland sin 10. plass i 4WD var beste totalplassering for Team Os i år.

Vil bygga bane i Os
Sidan det ikkje er eigen modellbilklubb i Os kjører osingane for Bergen & Omegn MBK.

- Vi jobbar med å skaffa oss eigen bane for radiostyrte bilar i Os. Vi håper å ha på plass ein midlertidig bane allereie om nokre månadar.

- Då kan vi både trena og konkurrera oftare, og samstundes tilby ein spennande hobby til andre unge og ungdommelege osingar, seier Jostein Helland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.