Sport | 13. mai 2011

I Raudlikongens rike

Turtips 3: Dagens tur er godt egna for barnevogn då eit alternativ går langs grusveg.

I Raudlikongens rike
Andris Hamrefredag 13. mai 2011 05:37

Få melding når vi legg ut ei ny sak:
Følg Midtsiden.no på Facebook

Inspirert av 8. klassingane på OPPTUR har vi fått turlagsleiar Linda Ann Lohne til å gje oss nokre av sine favorittar i bygda. Denne veka vil midtsiden.no koma med fem forskjellige turar bygda har å by på.

Turtips 1: Svinningen - Midtsæterfjellet.
Turtips 2: Bjånes - Moldaneset - Smievågen
Turtips 3: Røttingen/Kobbavågen

Turen går frå Gåssand inn til Raudlistova. Kjør inn forbi Sælen Møbler og inn til Hatlelia.

– Det er merka to rundar inn mot Raudlia slik at turgåarane kan velja ein kort eller ein litt lengre tur, forklarar Lohne.

Avhengig av kva tur du vel bør du rekna med å bruka mellom 2 og 4 timar. Den lengste turen går via Bøsetret og Bjørndalen.

Historia fortel om Håkon, som var den siste som budde på det vesle gardsbruket. Håkon var fødd i 1813 og døydde i 1894. Han gjekk under namnet Raudlikongen, mellom anna fordi han skal ha vore utruleg sterk.

Ei av historiene vi kan lesa om i Gudrun Heggland si bok «På mjuke stiar og flotte fjell i Os» er historia om korleis Håkon gjekk over til Heggland i Hegglandsdalen for å henta heim to av vêrane hans som hadde forvilla seg over fjellet. Vêrane ville ikkje gå heim på eiga hand så då slengte han dei like gjerne opp på ryggen og bar dei heim til Raudlia, ein tur på 3-4 timar.

Kva er din turfavoritt?

Send oss ein e-post med din favoritt-tur i Osbygda. Gje oss ein beskrivelse av turen og kvifor nettopp denne turen er din favoritt. Om du har bilde frå turen som vi kan få bruka set vi stor pris på det.

Turserien vil vi avslutta med lesarane sine favorittar.

Ditt turtips sender du til andris@midtsiden.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.