Sport | 21. des. 2011

I stjernene sine fotspor

Dei gleda seg over VM-gull til handballdamene. No er dei sjølv teke ut til landslagssamling.

I stjernene sine fotspor
Vilde Brattabø og Anna Bjørke Kallestad er klare til å kaste seg ut i landslagshandballen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 21. des. 2011 08:05

Søndag tok Noreg gull i handball-VM i Brasil. Tysdag fekk Vilde Brattabø (15) og Anna Bjørke Kallestad (15) beskjed om at dei var teke ut til det yngste landslaget (J96) si første samling.

Gjennom hausten har landslagsledelsen reist land og strand rundt for å sjå på dei yngre talenta i norsk handball. I Bergen fann dei to osajenter dei ville ha med seg vidare til den første offisielle landslagssamlinga for jenter 96.

- Vi var på den regionale samlinga, men fekk ikkje nokre spesielle tilbakemeldingar der så dette var utruleg kjekt, fortel Vilde Brattabø og Anna Bjørke Kallestad.

Dei to spelar på Os Turn sitt J15-lag som i fjorårs sesongen vann Petter Wessel Cup (uoffisielt NM) før laget blei offisielle Noregsmeistrar etter å ha vunne det nasjonale slutspelet for J14. Dei to representerte òg region Vest i Bylagsturneringa på Stange i februar saman med den tredje landslagsspelaren frå Os - Eva Kristiansen (keeper på juniorlandslaget J94).

Med Hammerseng og Sulland som forbilder

Sjølv med mange kampar og mykje trening fekk dei to med seg handballdamene sin bragd i Brasil kor dei banka Frankrike 32-24 i finalen sist sundag.

- Kven av dei vaksne landslagsspelarane er forbilda då?

- Det må vera Linn Jørum Sulland, kjem det kontant frå venstrehente Anna Bjørke Kallestad.

Vilde Brattabø trekk litt på det.

- Forbildet var jo ikkje med i Brasil, men Gro Hammerseng (sto over VM grunna graviditet) er nok den eg ser opp til, fortel Brattabø.

Samlinga dei skal delta på i januar går føre seg i Skien. Landslagsleiinga har vald å kalle inn heile 41 spelarar og delt dei i to grupper som skal samlast i tre dagar kvar. Dei to jentene frå Os er plassert på kvar si gruppe.

- Det blir litt rart. Vi har alltid vore saman på samlingar, så det blir ei ny erfaring å ta med seg, avsluttar dei to før dei rushar tilbake til oppgåvene trenar Kenneth Husebø har planlagt for dei tysdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.