Kultur | 10. sep. 2012

I tett hotell-dialog

– Kommunen har to veker på seg, seier Os Sjøfront. – Vi er i tett dialog med to solide aktørar, seier Terje Søviknes.

I tett hotell-dialog
Her, rett bak Oseana, kan det koma hotell. (Ill. Os Sjøfront/Smedvig)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. sep. 2012 20:53

Os kommune har ikkje gjeve opp å få nytt hotell i Os, tett på Oseana, for å sikra endå betre dekning på konferansar i det nye kulturhuset.

Les òg: Her vil Søviknes ha hotell

Berre 7 av 86 igjen

Då Midtsiden i dag snakka med prosjektleiar Karianne Strømme om sikringa av båthamna, var vi også innom sal og neste byggetrinn.

K-blokka er nemleg utselt, J- og I-blokka har berre 2 ledige kvar, H-blokka har 3 ledige. 79 av 86 er selt, dei siste 43 er innflyttingsklare første halvår neste år.

Os Sjøfront har seks blokker teikna inn på dei to tomtene bak den gigantiske kaien dei fire første blokkene står på. Men dei ventar framleis på Os kommune og mogleg ny hotelletablering.

– Vi vil koma i gang med neste byggetrinn relativt raskt, men har venta på kommunen. No har dei cirka to veker på seg, så ønskjer vi å koma vidare på minst éi av tomtene, seier Strømme.

Ny innsats kan ha gjeve resultat

– Mange kurs, konferansar og event er over to eller tre dagar, noko som krev overnatting. Solstrand Hotel og Bad og Bjørnefjorden Gjestetun har per i dag ikkje den kapasiteten som må til, seier ordførar Terje Søviknes i sluttrapporten for Oseana, ein rapport som var ferdig no i månadsskiftet.

Drifta på Osean går svært godt, men frå starten på byggeprosjekta Oseana og Os Sjøfront har Søviknes jobba for å få hotell som nabo til det nye kulturhuset.

Os kommune har vore i kontakt med dei fleste store kjedane utan hell, men kasta seg på ein ny runde i vår.

Då engasjerte dei mellom anna konsulentselskapet Sema Group i Stavanger til utarbeida ein rapport om mogeleg hotelletablering ved Oseana.

Innsatsen har resultert i at det no er etablert ein konstellasjon av to solide aktørar som samla kan stå som utbyggar, eigar og drivar av hotell på den bakre delen av Sjøfront-tomta.

– Konstellasjonen jobbar no tett saman med styreleiar og dagleg leiar i Oseana KF for å utarbeida eit konkret forprosjekt for ei slik etablering.

Tomtekjøp og reguleringsendring

Søviknes vil ikkje røpa namnet på dei to aktuelle aktørane. Han vil heller ikkje seia noko om storleik på eit eventuelt nytt hotell, på telefon frå ferie.

Men i rapporten står det at om det blir gått vidare med hotellplanane vil det bli etablert forhandlingar om kjøp av tomta og reguleringsendring for området. Men kommunen vil ikkje involvera seg finansielt.

– Det må imidlertid etablerast eit nært driftssamarbeid mellom hotell og Oseana KF om konferansar. Styret for Oseana KF vil legga rammer for ein slik avtale fram for eigar, altså Os kommune.

– Om vi lukkast med ei slik etablering vil det få store positive ringverknadar for både drifta av Oseana og vidareutviklinga av Osøyro som regionsenter, skriv Søviknes i den ferske Oseana-rapporten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.