Politi | 11. aug. 2025

I trafikken: Fleire politikontrollar – og éin kalv

Skreiv ut førelegg både i 70-sone og Lepsøykrysset.

I trafikken: Fleire politikontrollar – og éin kalv
Politiet hadde fleire kontrollar i helga, éin av dei var i 70-sona på E39. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden (arkiv)
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokamåndag 11. aug. 2025 10:22

Politiet har i helga hatt fem kontrollar i trafikken, to av dei har ført til reaksjonar.

Fredag morgon blei det, som omtalt fredag, skrive eit forenkla førelegg for ikkje å ha stoppa ved skilt i krysset mellom Lepsøyvegen og E39 Halhjemsvegen.

Det resulterer i 10.450 kroner i førelegg og tre prikkar på førarkortet.

Søndag i 15-tida hadde politiet fartskontroll i 70-sona på Halhjemsvegen.

– Det blei skrive ut fem forenkla førelegg, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Høgaste målte fart var 86 km/t i 70-sona.

Det resulterer i eit førelegg på 7250 kroner og er akkurat nok til å få to prikkar på førarkortet.

Det var ruskontroll på Byvegen og på Hatvikvegen fredag morgon, med til saman 55 kontrollerte. Politiet fann ikkje noko å reagera på.

Det gjorde dei heller ikkje under tungbilkontroll på Halhjemsvegen same morgon. Der var det 17 kontrollerte.

I 21.30-tida laurdag kveld fekk politiet melding om kalv i vegen i Mobergsbakken. Bonde blei kontakta, og han tok hand om kalven.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.