Kultur | 12. sep. 2014

Idol: 170 blei til 54

Osingen Fredrik Dahle Kristiansen er framleis vidare i Idol. Neste helg kan du sjå han spela i heimbygda.

Idol: 170 blei til 54
Fredrik på første audition. (Foto: Roy Darvik, TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. sep. 2014 20:45

Måndag 18. august starta årets Idol-sesong på TV2 og Fredrik frå Søfteland var førstemann ut.

Fredrik gjekk vidare og i kveld fekk vi sjå alle dei 170 som har kome til neste sortering frå dei ulike audition-rundane i Noreg. 170 skulle bli til 54, som neste runde skal bli til 40 semifinalistar.

Først blei dei 40 dommarane var i stuss på tatt inn, 10 og 10. Fredrik var ikkje blant desse. Så song han seg vidare frå lineup med Hit the Road Jack, som vi fekk sjå på TV, og var ein av dei 54 som også gjekk vidare frå trioen som song Counting Stars.

Ikkje heile trioen gjekk vidare

Fredrik blei kjent med dei to bergensarane i Oslo, budde på rom med Stian og avtalte tidleg at han skulle synga med Jonas.

– Eg og Stian gjekk vidare, Jonas (i midten) gjorde dessverre ikkje det, fortel Fredrik til Midtsiden.

På TV2.no kan du sjå både Fredrik på lineup, a cappella, og i trio med Jonas, Stian.

Opnar binge på Nore Neset

Neste helg er det Nore Neset Dagane og Osmessa på Skeie, med Liafjellet Opp, messe, aktivitetar og underhaldning.

Grendalaget har samla inn pengar og skaffa seg ein musikkbinge til krinsen, som skal driftast av Os Rockeklubb.

– Eg blei spurd om synga på opninga klokka 12 laurdag, og det har eg takka ja til, seier Fredrik, som sjølv har hatt mykje glede av musikkbingen på Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.