Kultur | 04. sep. 2018

Idol: Tre frå Os på skjermen onsdag

Martine, Christoffer og Julie er blant deltakarane som var på audition i Bergen.

Idol: Tre frå Os på skjermen onsdag
F.v.: Martine Frotveit Johnsen, Christoffer Leikvoll Storvik og Julie Nordahl-Pedersen. (Foto: Endre Forbord, TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. sep. 2018 19:32

Den tiande sesongen av Idol er i gang, og onsdag kveld viser TV2 frå audition i Bergen.

Tidlegare i sommar fortalte vi at blant andre Martine Frotveit Johnsen (17) og Ada Keita (25) frå Os er blant årets deltakarar.

Ada blir ikkje vist i sendinga i morgon, men vi har fått stadfesta at både Martine og to andre deltakarar frå Os, Christoffer Leikvoll Storvik (22) og Julie Nordahl-Pedersen (23), kjem på skjermen onsdag kveld.

Starta lokalt

Vi har sett både Christoffer og Julie på UKM før.

Sjå video av Christoffer (01:21) og Julie (08:26) på kulturmønstring i Oseana for fem år sidan

Song for Tshawe

I mai stilte dei på audition på Flesland, framfor eit dommarpanel som består av artistmanagerane Gunnar Greve, Silje Larsen Borgan og Madcon-stjerna Tshawe Baqwa.

Deltakarane som går vidare frå Idol-audition blei samla på bootcamp i Oslo, der nye, tøffe rundar venta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.