Postgirobygget og Erik & Kriss kommer til Osfest 12. august (pressefoto)
Postgirobygget og Erik & Kriss kommer til Osfest 12. august (pressefoto)

Idyll og ølbriller

Postgirobygget og Erik & Kriss klare for Osfest-laurdagen.

Andris Hamre
12. februar 2017 - 11:00

Tidlegare har Osfest slept artistane Julie Bergan, Unge Ferrari og Madcon, som alle skal spela fredag 11. desember. No slepp festivalen dei to første artistane for laurdagen.

– Vi er glade for å ha fått publikumsyndlingane Postgirobygget og Erik & Kriss til Osfest. Med dei er vi garantert sommarstemning og idyll, seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

Har vore ønska

Hylland fortel at dei har fått mange innspel på kva artistar dei burde prøve å henta til festivalen.

– Postgirobygget er ei av gruppene vi har fått mange forespørslar om å hente hit. No har vi gjort det. 

– Erik og Kriss trur eg vil utfylle Postgirobygget godt på festivallaurdagen, og vi har fleire spennande artister som kjem, seier Hylland løyndomsfull.

God respons

Festivalsjefen fortel om god respons på artistane dei har slept så langt.

– Responsen har vore veldig bra og vi sel meir billettar enn vi har gjort på same tid tidlegare, så opplevinga er av i har treft rimeleg bra med artistane så langt, avsluttar Hylland.

Postgirobygget

Postgirobygget er ei norsk rockegruppe som blei starta i studentmiljøet i Trondheim. Dei er kjend for sine svært populære konsertar og hadde i 2016 sitt 20 års-jubileum. Dei har gitt ut 9 album og helde over 1000 konsertar.

Gruppa gav i 2007 ut studioalbumet «Tidløs», som blei ein ein kjempesuksess med 13 veker på VG-lista.  «Idyll» og «En solskinnsdag» er kanskje blant dei meste kjende låtene til Postgirobygget.

Erik og Kriss

Erik og Kriss står bak partylåter som «Den låta», «Dra tilbake», «Puls» og «Ølbriller». Duoen er viden kjent for å halde ein heidundrande fest når dei speler opp til konsert, kor dei siden 2009 har brukt liveband.

Erik og Kriss har gjeve ut fem album, eit tosifra tal singlar som har gitt dei fem gull, dobbel platina, trippel platina og ein fire ganger platina.

Les meir om

Kultur Festivalar Osfest