Lokal | 04. sep. 2019

Ikkje berre eit lokalval

Lesarinnlegg: Er Frp villig til å leggja bjørnafjordbrua til sides og heller prioritera tiltak som kan spara mange liv på E16?

Ikkje berre eit lokalval
Inge Hjertaas, listekandidat for Bjørnafjorden SV. (Foto: privat) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 04. sep. 2019 11:05

Sjølv om den store samferdslesaka – brua over Bjørnafjorden – ikkje er opp til kommunestyret å avgjera, er det viktig kva det nye kommunestyret meiner om spørsmålet.

Dersom eit fleirtal her går mot prosjektet, er det eit kraftig signal til regjering og storting om kva bjørnefjordingane sine kommunestyrerepresentantar har fått i oppdrag av veljarane å fremja. Vi veit jo at Terje Søviknes meiner at «løpet er kjørt», men eg er viss på at dei fleste av oss har større tru på lokaldemokratiet si makt i denne saka enn Terje har.

Som kjent meiner SV, og fleire med oss, at det er mykje viktigare å forbetra dei viktigaste samferdsleårene vi allereie har – ny og sikker E16 og jernbane Arna-Voss, sameleis utbetring av dagens E39 («gul stripe»). Planen om bjørnafjordkryssinga, som alt har kosta mange millionar kroner, bør snarast leggjast i fryseboksen.

Den 1. april 2014 vart konseptvalutgreiinga for ny veg og jernbane Arna-Voss (KVU) overlevert frå Statens vegvesen og Jernbaneverket til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

Dette skjedde på eit arrangement på Voss, med godt oppmøte frå kommune- og fylkespolitikarar, media og andre. Eg var sjølv til stades, på jobb for Jernbaneverket Område Vest.

Ministeren var svært positiv til konklusjonane i KVUen, og gav klart uttrykk for at satsinga på ny veg og bane Arna-Voss skulle gjennomførast. Men han kom med ei viktig presisering: Han hadde merka seg at det det var ønskje om fleire, store samferdsleprosjekt på Vestlandet, så politikarane måtte nok vera budde på å prioritera.

Ein av hordalandspolitikarane som også var til stades, var Gustav Bahus.

Etter møtet minna eg han på kva ministeren hadde sagt om prioritering, men Gustav hadde følgjande svar: «Vi skal ha begge delar».

Så enkelt er det nok ikkje.

No ser eg at Bjørnafjorden Frp annonserer med at dei skal prioritera, ja, ikkje berre det, dei skal prioritera det viktigaste først, litt smør på valflesket, men det får vi tola.

Etter den siste uvêrsperioden med mange ras, m.a. på E16 i Hordaland, er det derfor naturleg å spørja: Er Bjørnafjorden Frp villig til å leggja bjørnafjordbrua til sides, og heller prioritera tiltak som kan spara mange liv på E16 og Vossebanen i framtida?

Elles er det mykje anna som er kome fram den seinare tida når det gjeld Hordfast, miljøomsyn, kostnader, endra trafikkbehov etc. Det skal eg ikkje gå nærmare inn på her.

Avslutningsvis vil eg nemna at også Bjørnafjorden SV har sagt ja til bru, ei bruløysing som bind dei to kommunedelane tettare saman, ei meir nøktern bru basert på kjent teknologi.

Men er du imot gigantbru over Bjørnafjorden, bør du røysta på eit parti som klart og tydeleg målber det same.

Godt val!

Inge Hjertaas

Tidlegare kommunestyrerepresentant for Os SV, og no listekandidat for Bjørnafjorden SV

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.