Kultur | 04. apr. 2011

Ikkje berre for fotballfolk

- Eg har allereie fått mange fine tilbakemeldingar, også frå folk som ikkje bryr seg om fotball, seier den ferske forfattaren Ørjan Sandal.

Ikkje berre for fotballfolk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. apr. 2011 13:32

I Os er Ørjan Sandal best kjent som trenaren til Lysekloster. På drygt to år har Sandal tatt laget opp frå 7. divisjon til 5. divisjon, starta andrelag, juniorlag og fotballakademi i Lysefjorden.

Men som talentutviklar har han også vore med å få fram spelarar til 3 Tippeliga-klubbar, 9 lag i Adeccoligaen og til over 30 ulike 2. divisjonsklubbar i Noreg. Blant dei er fleire osingar, som Geir André Bøyum, Frode Buvik, Kjetil Hansen og Per Søgnen Merai.

Fredag kom boka hans frå trykkeriet, Sandal trykker opp først 1000, så 3000 til av «Veien til suksess - Den lange ferden».

– Det er 5-6 år sidan eg bestemte meg for å skriva bok. Eg vil prøva å nå ut til flest mogleg med ideane og tankane mine om fotball og det å prestera, og fann ut at dette var vegen å gå, fortel Ørjan Sandal (40).

I halvtanna år blei det intensiv skriving, seinare har han fylt på, sortert og komprimert, litt i rykk og napp, fram til ferdig produkt no i vår.

80 prosent for alle

Det er ikkje strekteikningar og eksempel på øvingar i fotballboka til Sandal, men 15 kapittel om alt frå foreldre, dommarar og trenarar til tankar, tidsfrister, utfordringar og val.

– Boka rettar seg 100 prosent mot spelarar og trenarar, og 80 prosent til kven som helst, også folk som ikkje bryr seg om fotball.

– Eg tar for meg det eg meiner er alle ledd i det å utvikla seg sjølv eller andre som spelar, i desse kapitla er det derfor også mykje som folk kan ha bruk for i andre samanhengar, anten det er andre idrettar, i jobbsamanheng eller som leiar i næringslivet.

Stoppa av kneskade

Ørjan var ein ivrig fotballspelar då han var ung, han var den som drog kameratane med til speling på fritida, utanom organisert trening.

– I dag kallar ein alt for ei økt, og set grense for kor mange økter ein unge bør ha i veka. Det synes eg er unaturleg, det beste er naturlegvis mest mogleg tid med ball, derfor bør ungar få spela og trena så mykje dei orkar i friminutta på skulen og før og etter fotballtreninga.

Sjølv spelte for Gneist fram til han som 16-åring blei tatt ut i eit talentprosjekt i sportsklubben Brann.

– Ein kronisk kneskade sette ein stoppar for spelarkarriera mi. Det var tøft å bli idrettsinvalid som ambisiøs 19-åring, minnest han.

Utvikla seg sjølv

Dei tøffe åra etter at han måtte kapitulera som fotballspelar brukte Ørjan på å ta utdanning på Hamar innan ernæring og fysiologi.

– I starten var eg opptatt av å ikkje dela med andre det eg meinte eg sat inne med av kunnskap om fotball. Heldigvis ombestemte eg meg, eg sakna fotballen og ville tilbake som trenar.

Sandal har tatt få trenarkurs, han er i hovudsak sjølvlært. Han ville ikkje bli pressa ut av den same forma som andre NFF-trenarar.

– Det er eit val som passa meg, men ein veg eg ikkje anbefaler andre å gå.

Talentutvikling på Mallorca

Etter tre år på Hamar og to år i Bergen var utdanninga over. Turen gjekk turen til Mallorca, Sandal hadde ein idé om å starta fotballskule og etablerte Team Fotballtalent Mallorca saman med osingen Torleif Holme.

– Det blei fem år på Mallorca før eg var tilbake i Bergen. Så starta eg eit spelarutviklingfirma, Team Talent Norway, der eg spesialiserte meg på indivuduell oppfølging av spelarar.

Fana, Fyllingen, Mandalskameratene og Vålerenga, med fleire, sto på kundelista.

– Samstundes har eg halde fram med å instruera på Mallorca, men i kortare periodar. Frå 2009 etablerte eg meg i Lysefjorden med familie, trenarjobb for Lysekloster og litt tid til å fullføra boka.

– Les frå start!

Tilbakemeldingane frå dei første som har lest den ferske boka er veldig gode.

– Dei seier boka gjev eit kick. Men les den frå start, sjølv om det kan verka freistande å hoppa direkte til eit eller anna kapittel.

– Boka kan nok også provosera, seier forfattaren, som blant anna har eit kapittel om Brann kalla «Den røde fiasko».

«Veien til suksess - Den lange ferden» blir selt i bokhandlarar, sportsbutikkar og via klubbar, også her i Os.

– Eg fekk bøkene frå trykkeriet på fredag og fekk dei første i hyllene no i helga. Utover veka kjem den på plass hos endå fleire utsal, fortel Ørjan Sandal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.