Lokal | 09. feb. 2015

– Ikkje ei enkel sak

Er det sjanse for at Steffen får bli i Noreg? UDI og Riley sin advokat, Kent Fredriksen, svarer.

– Ikkje ei enkel sak
UDI er firkanta, men advokat Fredriksen håper UNE tar meir menneskelege omsyn. Steffen Riley innfelt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. feb. 2015 21:25

Torsdag fortalte Midtsiden om Steffen John Riley, som er fødd og døypt i Noreg, men som fekk avslag på søknaden om opphaldsløyve.

Les saka: Må ut av Noreg innan 17. februar

Intervjuet med Steffen er den mest leste, mest delte og mest kommenterte saka på Midtsiden nokosinne. Saka er lest over 25.000 gongar og delt på facebook over 2000 gongar.

Utlendingsdirektoratet svarer på spørsmål - les nedst i artikkelen!

Det er tett mellom støtteerklæringane.

– Eg har fått mange meldingar frå venar og kjente. Det er kjekt, det viser at folk bryr seg, seier Steffen.

Han reiser ut av landet innan fristen, klokka 13.20 frå Flesland tysdag 17. februar. Men han klager også på vedtaket.

– Viser lite menneskeleg omsyn

– Dette er ikkje ei enkel sak. UDI konstaterer realiteten, at det er vanskeleg å sjå at Riley innfrir desse krava, seier advokat Kent Fredriksen frå Advokatene Sæverud & Co.

Fredriksen, som er engasjert for å skriva klagen, meiner likevel at det kan vera håp om at UNE (Utlendingsnemnda) ser saka på ein annan måte.

– Eg meiner det ikkje er lagt tilstrekkeleg vekt på menneskelege omsyn og Steffen si tilknyting til Noreg. I klagen på vedtaket, som eg skal senda om få dagar, er det dette eg vil legga vekt på.

Ny dokumentasjon

Advokat Fredriksen seier han sit på ny og grundigare informasjon om Steffen til tilknyting.

– Eg har fått sju sider med tekst frå bestemora der ho fortel grundig om Steffen sine reiser og opphaldet hans i Noreg frå han flytta ut då han var to år gamal og fram til i dag.

– Dette blir brukt i klagen for å dokumentera tilknytinga han har til Noreg og familien i Øyane.

Kan skjønn bli brukt?

Etter at Midtsiden fortalte om avslaget har det vore eit enormt engasjement i kommentarfeltet og i sosiale media. Folk er rysta over behandlinga Steffen har fått.

Dette er ei sak med fleire uheldige detaljar for søkjar. Han kunne vore norsk, om faren, som har heilnorsk mor og har budd i Øyane sidan han var tre år, hadde søkt om dobbelt statsborgaskap for seg sjølv, og seinare for sonen.

Steffen har også besøkt Noreg så mykje han har kunna i barndomen, men visumfrie besøk blir ifølgje UDI ikkje vektlagt.

– Trur du UNE er i stand til å visa meir skjønn enn det UDI har gjort?

– Det er ikkje enkelt å seia. Dei er strenge og dei har lovar og reglar å følgja. Samtidig er dette ei litt spesiell sak, og eg håper at vi klarer å visa kor stor tilknyting Steffen faktisk har til Noreg og at dei endrar vedtaket frå UDI så Steffen kan få opphaldsløyve, seier advokat Kent Fredriksen.

Behandlinga av klagen kan ta fleire månadar.

UDI sine svar:

Det er Utlendingsnemnda som skal behandla klagen, men i første omgang har Midtsiden fått UDI til å svara på nokre spørsmål.

– Har Steffen søkt om opphald på det grunnlaget han har størst sjanse til å få opphald på?

– Vi har forståing for at Steffen ønskjer å bu saman med faren sin i Noreg, og vi skjøner at det er vanskeleg å forstå kvifor han ikkje får lov til det, seier einingsleiar i Utlendingsdirektoratet, Marit Holberg.

– Men det er dessverre slik at Steffen fell utanfor det familieinnvandringsregelverket vi er sett til å forvalta. Steffens far er heller ikkje norsk statsborgar. Hadde Steffens far vore norsk statsborgar då Steffen blei fødd kunne han ha søkt om opphaldsløyve på det grunnlaget. Lovverket opnar opp for at dei som har foreldre som var norske statsborgarar då dei blei fødd får løyve.

– Begge foreldra til Steffen var amerikanske borgarar då han blei fødd i Bergen. Vilkåra for å få opphald gjennom familieinnvandringsregelverket er derfor ikkje oppfylt. Steffen kan søka om opphald på anna grunnlag, for eksempel i høve studier eller jobb i Noreg.

– Kva er det i Steffen sin søknad som veg tyngst i retning avslag?

– Born over 18 år kan få løyve saman med éin forelder dersom søkaren framleis er ein del av foreldrene sin husstand. Det betyr at begge foreldra må vera i Noreg. Løyvet er tenkt for tilfelle der søkjar er siste familiemedlem i sitt heimland. Men no bur Steffen si mor i USA. At Steffen ikkje bur hos mor er ikkje vesentleg. Det sentrale er at han framleis har mor i heimlandet sitt, USA.

– Det blir i avslaget poengtert at Steffen har søkt frå bestemora si adresse, at han ikkje er del av faren si hushaldning. Steffen bur mykje hos far, men er hos bestemora når faren er på fiske. Kor mykje har dette hatt å seia for avslaget? Er det av avgjerande betydning om Steffen søker på nytt frå far si adresse som fast bustad?

– Nei, det har ikkje vore avgjerande. Det som er avgjerande er at han ikkje bur saman med far permanent og at mora but i USA.

– Gir regelverket og retningslinjene for saksbehandling rom for skjønn i slike saker?

– Regelverket gir lite rom for skjønn i slike saker. Her er det tydeleg at vilkåra i regelverket vi er sett til å forvalta ikkje er oppfylt. Det er imidlertid mogleg for Steffen til å få løyve seinare, om han får eit arbeidstilbod som faglært. Han kan ta kontakt med UDI og få meir informasjon om vilkåra for det.

– Kor stor vurderer du sjansen for at ein klage vil føra til at Steffen for opphaldsløyve?

– Steffen kan klage på avslaget han har fått, og Utlendingsnemnda (UNE) vil då behandla saka på nytt. Det er viktig at han etterfølger eventuelle pålegg om å reisa frå Noreg for å kunne få løyve seinare, og for at han kan koma på tre månadar opphald som han har høve til som amerikanar.

– Korleis kan nokon som søker for første gong ha tilknyting til Noreg dersom det ikkje blir lagt vekt på visumfritt opphald? Steffen har, sidan han som toåring flytta til USA, vore i Noreg så mykje han kan (og litt meir, med tanke på 2. klasse ved Søre Øyane barneskule). Han snakkar flytande norsk med øyadialekt. Er ikkje dette nok?

– Butid og tilknyting til Noreg samanliknamed heimlandet er det vesentlege i vurderinga av «særleg tilknyting til Noreg». Steffen har i all hovudsak vakse opp i USA. Ein søkar som ikkje har budd i Noreg over lengre tid vil vanskeleg kunna opparbeida seg særleg tilknyting til Noreg.

– Er det umogleg å ta dette punktet, som ser ut til å opna for bruk av skjønn, opp til ny vurdering?

– Viss Steffen velg å klaga på saka si så vil dette bli vurdert på nytt av UNE, som gjer ei ny, sjølvstendig vurdering av saka.

– Det at han er einaste barnebarn av Sara og skal arva fleire eigedomar i Noreg ser ikkje ut til å ha vore med i vurderinga. Er slike ting med på å gje ein person tilknyting til Noreg?

– Ein opparbeider seg tilknyting til Noreg ved å bu her, ha born her eller ha hatt opphaldsløyve i Noreg over lengre tid. Det at ein er arving til personar i Noreg er dessverre ikkje eit moment i ei slik vurdering.

– Vi forstår at Steffen ønskjer å bu saman med faren sin i Noreg, men dessverre fell han utanfor regelverket om familieinnvandring, seier Marit Holberg frå UDI.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.