Lokal | 19. juli 2018

Ikkje gå på ein Airbnb-smell

Har du eit rom eller ein leilegheit du leiger ut på korttidsleige? Nye skattereglar kan gjera at du går på ein smell.

Ikkje gå på ein Airbnb-smell
Erlend Thowsen i skatteetaten fortel at det er nye skattereglar for korttidsutleige frå 2018 (pressefoto)
Andris Hamretorsdag 19. juli 2018 07:26

Det er sommartid og høgsesesong for utleige av fritidseigedom og bustad. Søkjer du på Os Hordaland på Airbnb får du opp 245 rom, leilegheiter og hus. Rett nok ikkje alle i Os, men veit du kva skattereglar som gjeld når du driv slik korttidsutleige?

Frå og med inntektsåret 2018 gjeld eigne skattereglar for såkalla korttidsutleige, blant anna Airbnb, av eigen bustad. Leiger du ut ditt eige hus mindre enn 30 dagar, er inntekta skattepliktig etter ein sjablongmetode. Det betyr at leigeinntekter inntil 10 000 kroner årleg er skattefrie, og at 85 prosent av det overskytande beløpet blir rekna som skattepliktig inntekt.

- Når det gjeld korttidsutleige av fritidseigedom eller bustad som du ikkje brukar sjølv eller bur i, er det ingen endringar i skattereglane. Det betyr at slik korttidsutleige er skattepliktig på lik linje med tradisjonell langtidsutleige av eigedom, seier seksjonssjef i Skatt vest, Erlend Thowsen, i ei pressemelding.

Skattesatsar

Om utleige blir skattlagt etter sjablongregelen, vil du i dei fleste tilfelle måtte betale 23 prosent skatt på 85 prosent av inntektene. Du vil ikkje ha krav på frådrag for kostnader knytt til utleiga, sjølv om leigeinntektene er større enn den skattefrie grensa på 10 000 kroner.

Det kan med andre ord vera fornuftig å sjekka på skatteetaten si heimeside om korleis det fell ut for deg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.