midtsiden

Ikkje i drift

Permitteringar og konflikt med Statoil: Deepsea Atlantic, som låg i Bjørnefjorden i sommar, er enno ikkje i drift.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Deepsea Atlantic fekk mykje merksemd i lokalmedia i sommar. Rekordriggen låg i Bjørnefjorden og kjørte testar og førebudde seg på oppdrag for Statoil på Gullfaksfeltet, og fleire verksemder i Os nytte i seks veker godt av riggeigar Odfjell Drilling sin aktivitet i fjorden.

Natt til 3. august kjørte flyteriggen frå fjorden mot Gullfaksfeltet, men riggen, som skulle vore arbeidsplass til 128 mann, 70 av dei frå Odfjell Drilling, er ikkje i drift. Årsaka er problem med brønnhovuda på Gullfaksfeltet, kanskje grunna vekta på BOP-en (blow out preventer) og konsekvensane er konflikt med Statoil og permittering av 85 tilsette.

- Årsaka til permitteringane er at vi ikkje får dagrater frå Statoil. Dette er ein veldig trist situasjon, seier klubbleiar Geir Frode Nysæter i SAFE i Odfjell til Petro.no.

Industri Energi i Odfjell og Industri Energi Statoil har bede Statoil om å visa samfunnsansvar. Dei to foreiningane møtte kvarandre i veka som var, men kva som skjer vidare er førebels uvisst. Deepsea Atlantic sin søsterrigg, Deepsea Stavanger, skal ifølgje odfjelldrilling.com vera klar til levering i juni.

Fleire saker