Lokal | 03. mars 2021

– Ikkje mutert virus

Kommunen har fått svar på prøvane frå dei smitta i barnehagen.

– Ikkje mutert virus
Flåten Naturbarnehage. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. mars 2021 14:23

Den siste veka har vi hatt 15 nye smittetilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune.

Av desse er det:

  • 2 smitta i samband med innreise til Noreg
  • 2 smitta i Bergen/annan nabokommune
  • 4 smitta i samband med utbrot på Nore Neset ungdomsskule og
  • 7 smitta i samband med utbrot i Flåten Naturbarnehage.

På Nore Neset ungdomsskule, der 68 elevar og 9 lærarar hamna i karantene, er det konstatert at minst éin av dei smitta har sørafrikansk mutert variant av koronaviruset.

I dag har kommunen fått svar på prøve i samband med smitte i Flåten Naturbanehage.

– Sekvensering viser at det ikkje er snakk om mutert variant, skriv kommunen på sine heimesider.

Barnehagen blei stengt måndag. 35 born og 15 tilsette er i karantene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.