Sport | 16. mars 2012

Ikkje nøgd med nye fisketider

Fiskelaget er ikkje nøgd med forslag om yttarlegare redusering av fisketidene i Oselvo. Grunneigarlaget tar opp kampen mot direktoratet.

Ikkje nøgd med nye fisketider
Leiar i fiskeutvalet i Os Jakt og Fiskelag, Einar Sørstrønen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. mars 2012 15:03

– Generelt er det mykje det same som i fjor i innstillinga om fisketider frå Direktoratet for naturforvaltning (DN), seier Gry Walle hos Fylkesmannen.

Det er Fylkesmannen som forvaltar innlandsfiske, men i nyare tid DN som bestemmer fisketider. I vinter har forslag vore ute på høyring og Fylkesmannen har samla inn og sendt merknadar tilbake.

– Men i Omvikeelva ligg det forslag om opning etter møkkatank-uhell som drepte all fisk i 2009 og i Oselvo er det forslag om litt innstramming, med start 15. juli i staden for 1. juli som i 2011.

No er det opp til DN å sjå på merknadane før endeleg fisketid blir bestemt. I mellomtida kjempar grunneigarane for at sesongstarten ikkje skal bli to veker seinare enn i fjor.

Halvert på tre år

I 2009, og fleire år i forkant, var det fiske i Oselvo frå 1. juni til 15. september. I 2010 blei det stramma inn med drygt to veker med start 15. juni, i 2011 blei det redusert yttarlegare til start 1. juli.

I forslaget for 2012 vil DN starta fisket i Oselvo 15. juli, noko som vil føra til at total fisketid blir redusert frå 15 til 8 veker.

I forslaget sto det også at fisket etter sjøaure skulle starta og slutta same dag, 15. september.

– Dette var berre ein skrivefeil, det skulle stått 15. juli også for auren, seier Walle.

Firedobla fangst

Medan fisketidene har blitt stramma inn har fangstmengda auka kraftig.

Så mykje laks blei fiska og avliva i Oselvo:

2009: 228 kilo
2010: 502 kilo
2011: 1028 kilo

I tillegg blei det i fjor sett ut mykje laks.

– Eg trur det blei fiska nærmare 1,5 tonn i fjor, om vi tar med det som blei sett ut igjen. Og det trass i at fisketida var redusert og at det var restriksjonar, seier leiar for fiskeutvalet i Os Jakt og Fiskelag, Einar Sørstrønen.

2010 var det lov å fiska éin laks, éin tert (laks under 3 kg) og éin ørret per kort, i 2011 var dette redusert til éin type, altså laks ELLER tert, i tillegg til aure.

Vil kjempa imot

Sørstrønen seier han og fiskelaget håper at fisketidene ikkje blir redusert i forhold til i fjor. Men det er ikkje opp til fiskelaget å protestera på dette, dette er grunneigarlaget sitt bord.

– Vi er også imot reduksjon av fisketidene, og har ein disputt gåande med departementet, seier grunneigar Olav Valle på vegne av grunneigarlaget.

Rekordsesongen åleine er ikkje nok, men 2011-fangsten er heller ikkje grunneigarane sitt viktigaste argument.

– Vi meiner DN baserer seg på heilt feilt feil grunnlag, og det er ikkje tatt omsyn til oppgangen i fjor. Det er nok yngel og stor nok gytebestand ifølgje dei tala vi sit på, seier Valle.

Grunneigarlaget har engasjert Rådgivende Biologer til å laga ein rapport om tilstanden for at DN skal få ei ekstern eining til å fortelja om status for villaksen i Oselvo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.