Lokal | 13. sep. 2010

Ikkje rekruttskule til Ulven

Forsvarsminister Grete Faremo stadfesta i dag at ho ikkje flyttar rekruttskulen for sjøforsvaret til Bergen eller Ulven.

Ikkje rekruttskule til Ulven
Andris Hamremandag 13. sep. 2010 13:36

I samband med forsvarsstudien som blei lagt fram for omlag to år sia blei det bestemt å flytta rekruttskulen for sjøforsvaret frå Madla til Bergen.

Diskusjonane har gått internt i forsvaret gjennom utgreiingar og analysar kvar i Bergensområdet rekuttskulen skulle plasserast. Etter det midtsiden.no veit var Ulven eit av dei heiteste alternativa saman med Haakonsvern.

–Regjeringa har bestemt seg for å fremje forslag til Stortinget om å vidareføre sjøforsvarets rekruttutdanning på Madla. Regjeringa har funne ut at kostnadane ved å flytta utdanninga til Bergen ikke er forsvarlige, seier Faremo til NRK.

Glad for avklaring
Ei rekruttskule kunne gjeve nye arbeidsplassar til Osbygda, men og utfordringar ved at mange ungdommar hadde blitt samla på Ulven.

- Eg er glad det no har kome ei avklaring, seier Ordfører Terje Søviknes.

- Eg skjøner argumentet om at det ville ha blitt kostnadskrevande å flytta utdanninga her til. Ulven leir ville ha hatt store behov for opprustingar i forhald til innkvartering og anna infrastruktur, seier ordføraren.

Fakta om Ulven leir:
• 6500 dekar skyte og øvingsfelt
• 4 stk mannskapsforlegninger, 318 senger
• 19 offisersrom, 22 senger
• 1 plenumssal til 150 pers
• 1 spisesal til 150 pers
• 1 befalsmesse til 60 pers
• 2 kjønnsnøytrale sanitæranlegg
• 9 operative skytebanar
• Diverse adm. bygg, verkstad og depot

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.