Lokal | 21. feb. 2012

– Ikkje tidlegare dømt

Var vitne, gav DNA: Politiet stadfestar at guten som er sikta for drapet på Hilda Feste er tatt i Os.

– Ikkje tidlegare dømt
Politiadvokat Asbjørn Onarheim (i midten) stadfesta at guten blei pågripen i Os (mobilfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. feb. 2012 21:15

Klokka 20.52 tysdag kveld gjekk politiet ut med informasjon om at ein 18 år gamal gut er tatt, sikta for drapet på Hilda Feste (98) 1. januar i år.

HAR DU TIPS I SAKA?
Kontakt Midtsiden på 90789270

På ei pressekonferanse i Bergen stadfesta påtaleansvarleg Asbjørn Onarheim at guten blei pågripen i heimen sin i Os om lag klokka 20 tysdag kveld.

- Han har tidlegare vore inne til avhøyr og gjeve fingeravtrykk og DNA, fortalte Onarheim.

- Han var ikkje registrert i systemet frå tidlegare, og har berre vore i kontakt med politiet i samband med ein trafikkforseelse.

Med andre ord ser det ut til å vera tekniske spor som knyter guten til drapet, men det vil ikkje politiet bekrefta.

Bakgrunnen for at guten var tatt inn til avhøyr var at politiet hadde fått tips om at guten hadde vore i området drapskvelden.

Politiet ville ikkje svara på kor tid guten var inne til avhøyr første gong, eller om han var blant dei som meldte seg frivillig for å avgje DNA-prøve.

Rolf Knutsen er oppnemnt som forsvarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.