Imponerande!

Bilete og video: Dukkemakeren. Gløym Carte Blance, la deg trollbinda av 116 dyktige dansarar frå Kulturskulen.

Andris Hamre
14. juni 2012 - 21:37

Fredag har Dukkemakeren, dansarane ved Os Kulturskule, si sommaroppsetjing premiere i Oseana. Vi fekk med oss generalprøven.

Underteikna skal absolutt ikkje påstå han har greie på dans, eller at han lar seg fengje av tekniske stepp og avanserte trinn. Det var kanskje difor eg fall så for Dukkemakeren. Her var det nedtona musikk med ei historie om dukkemakeren fanga i dukkenes verd. Alt levert av dei mange dansarane frå kulturskulen.

Kanskje ein dag ser vi nokre av dei i eitt av ensembla eg ikkje lar meg fengje like mykje av.

- Det har vore ein utruleg lærerik prosesess, fortel Patricia Langeland som saman med to av sine tidlegare elevar har iscenesett det heile.

Lærerikt

Lærerikt må det òg ha vore for dansarane i løpet av det året dei har jobba forestillinga fram.

- Dei er heilt utrulege og lever seg vannvittig godt inn i rollane sine.

- Eg trur dei kosar seg på scena, no håper eg publikum vil gjera det same fredag og laurdag, smilar Langeland.

Og det er kanskje det som fengjar meg. Den gleda, konsentrasjonen og disiplinen elevane viser i forestillinga. Kanskje er det ikkje dei mest avanserte spranga eller dei mest innfløkte trinnkombinasjonane, men det er fullt opp av sjarm og entusiasme.

Knallhardt arbeid

At det ligg eit knallhardt arbeid bak er det ikkje tvil om, både hjå instruktøren og elevane.

- Ja, det har vore knallhardt, men kjempekjekt. Det skal nesten bli rart å kome til mandag og ikkje skulle øva til framsyninga, avsluttar Patricia Langeland.

Saman med Langeland har dei to tidligare elevane Julia Agate Erstad Bergesen (koreografi) og Benjamin Langeland (tekst) satt opp ei forestilling som fortjener å bli vist meir enn dei to gongene den no er satt opp.

Sjå klipp frå framsyninga i videoen nedanfor (3,28 min, foto: Andris Hamre)

Les meir om

Kultur Oseana