Sport | 13. mai 2009

Imponerte i NM

Marco Matre og William Havsgård set Vestlandet på motocross-kartet.

Imponerte i NM
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. mai 2009 08:43

Bildeserie:

1 av 6

Marco Matre og William Havsgård tok 2. og 4. plassen i første NM-runde på Elgane i helga. Aldri før har gutart frå Vestlandet sparka så hardt frå seg i eit NM.

- Austlendingane plar domeinera i NM. At vi hevdar oss er stort, ikkje berre for Os MC & MX klubb, men for heile Vestlandet, seier Merete Lunde.

- Tøff motstand
Os stilte med Marco Matre, William Havsgård og Christian Havsgård til første NM-runde på den regnblaute banen sør for Stavanger. I konkurranse med 45 andre klarte Christian ikkje å kvalifisera seg til vidare kjøring, men det klarte dei to andre dagen etter.

- Det er fleire deltakarar og tøffare konkurranse i NM enn i vestlandsmeisterskapa. Vi er meir spente, men klarar likevel å fokusera på kjøringa, fortel Marco.

Dei to fyller begge 14 år i år, og kjører i klassen 13 til 15 år, 85 ccm. Etter å ha tatt seg vidare saman med 28 andre av totalt 39 kjørarar, sto to heat, kvart på 20 minutt, igjen. Marco og William har berre vore med i NM éin gong før.

Klatra i siste heat
Det går fort i denne guteklassen. For dei som såg på var det ekstra spennande.

- Etter første heat og super kjøring låg Marco på 3. plass og William på 6. Men det var meir i vente i andre heat, fortel Merete.

Om ikkje det var nervepirrande frå før, blei det 20 svette minutt for både kjørarane og dei som såg på. William hadde eit lite fall, men kom seg opp igjen og kjørte opp to plassar til ein fin 4. plass. Marco klarte seg endå betre, og klatra til 2. plass.

Kort treningsbane
I konkurransar blir det kjørt på 1800 meter lange banar. Dei fleste klubbane har treningsbanar på mellom 1400 og 2000 meter. Os har ein 420 meter lang treningsbane, utan felt for god starttrening.

- Det har aldri før vore prestert så bra av gutekjørarar frå verken Os eller Vestlandet. Det som gjer resultat endå meir imponerande er at vi har heit andre treningsforhold på Os enn motstandarane frå Austlandet.

Os MC & MX klubb jobbar med å få ny treningsbane, slik fleire andre klubbar på Vestlandet har fått til.

- Vi har fått ein avtale med dei fleste grunneigarane i eit område bak Rolls Royce. Dette er ideelt både med tanke på storleik, støy og plassering, så vi håpar å få dei siste brikkene på plass.

- Vil bli proff
Klubben i Os har vakse fort, og har no 130 medlemmar. Fleire unge kjem til, og enkelte dagar kjører rundt 20 "knattar" i kø på den minste treningsbanen.

Marco og William er også unge, men ungdomane er nok forbilde for fleire av dei unge. Sjølv har dei også sine forbilde.

- Vi ser på motocross på TV, og har som mål å bli profesjonelle kjørarar, seier Marco.

- Kva må til for å halda fram med å hevda seg?

- Mykje trening. Vi har leia treningar der vi øvar på ulike teknikkar, som bremsing og sving. Men vi tenker ikkje så mykje på å dela det inn, vi kjører fordi det er gøy, og leikar oss på trening, seier William.

Då midtsiden.no stilte opp på treninga tysdag kveld, var det verkeleg mykje leik å sjå. Nokre av stunta ser du på bilda under.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.