Inga fare for vassmangel
Godt med vatn i Krokavatnet. Førebels inga fare for restriksjonar.
I Bergenspressa dei siste dagane har ein lese om ein kritisk vass-situasjon på Askøy, kor kommunen vurderer å innføra datodusjing for å halde kontroll med forbruket.
I Os kommune er situasjonen ein heilt annan.
– Vi har rikeleg med tilgang på vatn i Krokavatnet på Gaasand som er hovudvasskjelda vår, fortel Jan Terje Lund på teknisk eining i Os kommune.
– Utfordringa er eventuelt ved hovudrenseanlegget om forbruket blir veldig høgt, men førebels er det også under kontroll. Vi er ikkje på same produksjon som vi var i mai då det var som varmast og forbruket var høgre.
– Det er nok mange som er på ferie om dagen og det gjer at vi har eit mindre forbruk no enn før ferien.
– Så det er ikkje aktuelt å innføra vanningsforbod eller tilsvarande?
– Nei, førebels er det ikkje det, seier Lund.
Køyrer vatn
Nokre har rett nok problem med vasstilførsla.
– Vi har køyrd 12-14 lass med vatn dei siste par vekene til private brønnar som har gått tørre. Det held vi fram med også i dagane som kjem, fortalde brannsjef Stein Gjøsund då Midtsiden snakka med han onsdag.