Lokal | 18. juli 2012

Inga tilgjeving å få

Arbeidstilsynet står på sitt; undervisningsromma i Oseana er ikkje godkjende og krav om handikaptoalett og vaskerom i kvar etasje står fast.

Inga tilgjeving å få
Undervisningsromma manglar dagslys og er for små til at ventilasjon åleine kan kompensera for manglane (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 18. juli 2012 10:36

Då Oseana skulle byggast gjorde kommunen den tabben at dei ikkje søkte Arbeidstilsynet om samtykke etter arbeidsmiljølova sin paragraf 18-9 før byggeprosjektet starta.

Det ser det framleis ut som dei kan få svi for.

- Det var ein kjempetabbe at vi ikkje søkte. Det blei ikkje noko tilgjeving frå arbeidstilsynet i etterkant nei, slår rådmann Knut Terje Rekve fast.

No vil han setja ned ei prosjektgruppe som kan sjå på moglege løysingar på problema.

Endeleg vedtak, ønskjer dialog

«Klagen tas ikke til følge. Pålegg gitt i Arbeidstilsynet Vestlandet sitt vedtak av 30. juni 2011 stadfestes. Klageinstansens vedtak er endelig og kan ikke påklages. jf. fvl. § 28», konkluderer avdelingsdirektør Gro Singsaas i Direktoratet for arbeidstilynet i brevet til kommunen.

Arbeidstilsynet Vestlandet fatta i sitt vedtak i fjor sommar sju påleggspunkt byggherren (Os kommune) måtte utbetra. Tre av desse klagde kommunen på.

Det er for desse tre det no har kome ei endeleg avgjerd. Dei fire andre har blitt handsama undervegs i prosessen.

Dei tre punkta er:

  • Dagslys og utsyn for øvingsromma og buffetkjøkenet i 1. etg.
  • Handikaptoalett i kvar etasje.
  • Redskapsrom (for reinhaldar) i kvar etasje.

- Vi forstår ikkje heilt kva arbeidstilsynet legg i alt av argumentasjonen sin og vil prøva å få til ein dialog med tilsynet, seier Rekve.

- Det er ikkje sikkert vi kan klara å få gjort noko med alle punkta, men nokre bøtande tiltak, mellom anna i forhold buffetkjøkenet skal la seg gjera.

Løysinga kommunen har skissert er å sejta inn vindauge ut mot gangen i desse romma.

Flyttar deler av kulturskulen?

Når det gjeld undervisningsromma og dagslys vil Rekve la prosjektgruppa sjå på moglege løysingar både i forhold til å flytta delar av kulturskulen ut av Oseana og tiltak ein kan gjera i Oseana.

- Ein god dialog med dei tilsette i kulturskulen vil vera viktig i det arbeidet, slår rådmannen fast.

Samstundes er han tydeleg på at synergien mellom å ha amatørar i kulturskulen og profesjonelle aktørar som leiger seg inn i huset er viktig å bygga vidare på for å få eit blomstrande kulturliv.

Manglar røyr

Når det kjem til kravet om å etablera handikaptoalett i kvar etasje ser Rekve ei større utfordring.

- Det manglar røyropplegg oppover i etasjane på Oseana, så å etablera handikaptoalett i kvar etasje er ikkje berre enkelt.

- Uansett, vi må sjå på moglegeheitane som finnest og ikkje grava oss ned i problema, slår Knut Terje Rekve fast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.