Jakob tok tre førsteplassar og sette tre banerekordar, den tredje saman med medelevar i stafett for 5. trinn.

Ingen 5. klassingar har svømt raskare i Osbadet

Jakob Austevoll Harlem (11) brukte skulemeisterskapen til å slå storebroren sin tre år gamle banerekord. Og to til.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I går blei skulemeisterskapen i svømming arrangert i Osbadet.

Over 200 elevar frå 5., 6. og 7. trinn ved alle barneskulane i Os utanom Lysekloster deltok, inndelt i trinn, for å konkurrera i bryst, fri og stafett.

Tre nye banerekordar

Jakob Austevoll Harlem har vore mykje i Osbadet, med foreldra som stifta svømmeklubben, og med storebror Emil, som er i noregstoppen.

Men det er først den siste tida han har byrja å trena systematisk.

• Les òg: Leikte seg inn i noregstoppen (mars 2019)

Jakob vann skulemeisterskapen i Os i både bryst og fri - og begge tidene hans var ny banerekord for 5. klassingar. I tillegg var han med Os barneskule med på å slå skulen sin eigen banerekord på stafett.

I 25 meter bryst slo han Tias Færøy sin rekord (22,69) med tida 19,44.
I 25 meter fri klarte han så vidt å slå storebror Emil sin tre år gamle rekord (15,34) med tida 15,32.

Os barneskule sin banerekord i stafett (1.32,06) blei slått med tida 1,29,91. Jakob var del av laget.

I to skjema under hovudbildet ser du alle banerekordane - og alle resultata frå årets skulemeisterskap.

Samhald og nye talent

Dagleg leiar i Os Idrettspark, Torbjørg Brattabø, synest det er kjekt å sjå at så mange skular deltar, og at også skulane med færre elevar klarer å laga stafettlag.

– Eg er imponert over samhaldet elevane imellom, korleis dei heiar på alle frå same skule på tvers av klassetrinn.

Nokre av elevane er aktive i svømmeklubben frå før, men langt frå alle.

– Det var veldig mange som svømte veldig fort, og vi måtte fleire gongar bruka videodømming for å avgjera plassering.

– Fleire av elevane, særleg dei i 5. trinn, som er debutantar i skulemeisterskapen, kan ha oppdaga eit nytt talent. Dei har svømmeundervising i 4. trinn, men er gjerne ikkje klar over at dette er noko dei faktisk er gode til før dei får bryna seg i ein konkurranse.

– Det har hendt før at elevar har gått frå skulemeisterskap til trening i svømmeklubben og ganske gode resultat i ordinære svømmestemne.

 

Fleire saker