Lokal | 17. aug. 2011

– Ingen krise

Askeladden flaggar ut, AK Drange fortel om OK sesong, Båtens Beste har god vekst.

– Ingen krise
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. aug. 2011 13:25

Måndag blei det kjent at Askeladden Boats AS flyttar også småbåtproduksjonen til Polen. Over 30 tilsette mister jobben, men administrasjon med produktutvikling blir sitjande igjen i Hagavik. Askeladden skal også halda fram med same utval som før.

Årsaka er knappare marginar og sviktande volum på dei mindre båtane. I tillegg opplever båtbransjen generelt at venta vekst ikkje har kome, ifølgje Askeladden Boats.

Men korleis går det hos båtforhandlarane i Os, Askeladden-forhandlaren Båtens Beste og AK Dranges Båtservice, som blant anna sel Skibsplast og Ibiza?

– I omsetnad så har vi allereie passert fjoråret. Men det kunne vore meir fart, seier Jonathan Dyrstad, dagleg leiar hos Båtens Beste.

– Trenden er den same hos oss som den fabrikken refererer til, vi sel fleire store båtar, P66 Weekend og P66 Pilothouse har selt veldig bra i år.

– Kor tid var sist du selte ein skjergardsjeep?

– Vi selte ein skjergardsjeep i går, faktisk. Men det har vore rolegare på dei mindre båtane denne sesongen.

Driv vidare som før

Han seier Askeladden si utflagging har ført til at han har fått nokre spørsmål om deira framtid, om vinterlagring og service framleis blir å oppdriva i Askvik.

– Det er tydelegvis viktig for oss å presisera at hos oss går alt som før, med reparasjonar, sal og service. Einaste forskjellen blir at fleire av båtane våre no blir produsert på Model Art i Polen, ikkje oppe i nabolaget her.

– Eg føler med dei som mister jobben ved fabrikken og synes som dei fleste andre osingar at det er trist at tida for lokalproduksjon av Askeladden no er over. Men samtidig er ikkje Askeladden dei første til å flytta produksjonen ut av landet, det viktigaste er at dei tar grep før det er for seint og at Askeladden lever vidare.

Travelt på verkstaden

– Vi fekk ein god start på året under messa i Bergen i februar. Sommaren har vore roleg på sal, men veldig travel på verkstaden, seier Jenny Drange hos AK Dranges Båtservice.

AK Drange sel i hovudsak Skibsplast og Ibiza, båtar frå 300.000 kroner og opp i pris. Bestseljarane er godt utstyrte daycruisarar til mellom 400.000 og 600.000 kroner i pris.

– Vi har vore nøkterne og har berre 2-4 båtar i utstilling. Vi har også budsjettert varsamt etter den dårlege sommaren i fjor. Vêret har mykje å seia, kanskje meir enn det avisene skriver om økonomisk krise og vanskelege forhold i Europa og USA.

Både AK Drange og Båtens Beste har reparasjonar og service som viktige delar av drifta.

– Skal du driva som heilårsforhandlar og sikra arbeidsplassane kan du ikkje berre selja båt, du må ha verkstaden og helst vinterlagringa òg, seier Jonathan.

Nye messer i septemer

I september skal både AK Drange og Båtens Beste delta seinsommarmesse. AK Drange stiller ut på Båter til Sjøs i Arenum 23. til 25. september.

– Ifølgje arrangørane er visst responsen veldig god. Vi er optimistar vi vestlendingar, veit du, seier Jenny.

Båtens Beste kjører eige opplegg ved den nye avdelinga Askeladden Center i Dolviken same helg.

Her er også Frydenbø, Norsk Båtsenter og Maritim Båtutstyr blant dei som er med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.