Sport | 31. mars 2018

Ingen opptur på Linken i år

Etter to år med vellykka motbakkeløp ser det mørkt ut for 2018.

Ingen opptur på Linken i år
Starten på Linken Opptur 2016. Løpet blei ein suksess i 2017 òg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 31. mars 2018 06:35

Søndag 8. mai 2016 blei Linken Opptur arrangert for første gong. Med sol og godt over 20 gradar, 110 påmeldte i konkurranseklassen og ein plass mellom 100 og 200 i trimklassen blei Linken Opptur 2016 ein braksuksess! Deltakarane i Linken Opptur brukte frå 19,51 til 49,46 minutt på den bratte løypa.

Arrangør, Opptur Motbakkeklubb, gjentok suksessen i 2017. Arrangementet kolliderte med 7-fjellsturen i Bergen, men hadde likevel rundt 60 deltakarar i konkurranseklassen og 70 i trimklassen. Det blei dessutan sett fleire nye rekordar.

No ser det ikkje ut til å bli nokon Linken Opptur i 2018.

– Før vi starta dette løpet hadde vi fleire møte med grunneigarane og Os kommune. Vi er avhengige av å få løyve frå år til år, og det ser ikkje ut som om vi får alle med oss denne gong, dessverre. Minst éin av grunneigarane seier nei i år, fortel Kjetil Styrvoll frå Opptur Motbakkeklubb.

– Jamn slitasje året rundt

Grunneigar Erling Lønningen seier han har vist skepsis til nok eit motbakkeløp, men seier han ikkje har slått det heilt ifrå seg.

– Årsaka til at eg i utgangspunket er negativ til fleire løp er at det er stor slitasje på området gjennom heile året.

– Motbakkeløpet har vore god marknadsføring for området, og har nok stimulert til meir trening året gjennom. Begge delar er på mange måtar positivt, men med mange tilfelle av feilparkering, breie, gjørmete spor i bakkane og folk som trør over dyrka mark mellom parkeringsplass og sti til Knutabruo, så blir det ikkje berre bra for oss som skal halda dette ved like.

• Les òg: Utvidar frå 7 til 20 p-plassar på Tøsdal (2014)

• Les òg: Fare for stenging av parkering på Tøsdal (2016)

Det er ikkje motbakkeløpet i seg sjølv som er problemet, for då parkerer folk på Meny og jobbar inn til løypa.

– Men då vi sa ja til løp i 2016 og i 2017 så snakka vi òg om at Os kommune skulle legga betre til rette, og blant anna betra stien frå Knutabruo til Borgafjellet, så folk spreidde seg på fleire stiar. Her har det skjedd lite, synest Lønningen.

Mange av dei som parkerer på plassen meint for tur til Møsnuken, Tøsdalsfjellet og Linken skal gå den nye stien mot Knutabruo og Nordmarka.

– Nokre av desse igjen går rett over dyrka mark, rett forbi skilta vi grunneigarar har sett opp, der vi ber folk om å bruka stiane. Vi synest kommunen burde ha laga ein eigen parkeringsplass der stien mot Oselvo og Nordmarka startar, seier Lønningen.

– Rekk ikkje fleire møte i år

Styrvoll seier han forstår utfordringane grunneigarane har elles i året.

– Men i år kom vi litt seint i gang, og fleire av oss i styret i klubben har travle tider etter påske. Vi rekk rett og slett ikkje å sitja i fleire møte for å koma i mål med ein avtale mellom tre partar.

– Vi er gjerne med og pratar om dette seinare, og håper å få arrangera fleire motbakkeløp opp Linken, men 2018 har vi slått frå oss.

Om Linken Opptur

• Linken ligg 479 moh i vestenden av platået på Tøsdalsfjellet (605 moh).

• Løypa frå parkeringsplassen på Tøsdal er 2,3 km lang.

• På den første kilometeren er stigninga 60 høgdemeter, på den neste er stigninga heile 320 meter!

• Det siste stykket tar du deg òg 60 meter opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.