Kultur | 13. nov. 2012

Ingen Rock N LOL neste år?

Brørne William og Andreas Lindborg er i tenkeboksen.

Ingen Rock N LOL neste år?
William (t.v.) og Andreas er ikkje sikre på om det blir Søfteland Rock N LOL i 2013. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. nov. 2012 21:07

"På onsdag skal det avgjerast. Blir det festival i 2013?! Kva tenkjer du?" skreiv Rock n' LOL festival på twitter i går.

– Det høyrest kanskje drygt ut, og kom nok overraskande på ein del, men vi er rett og slett ikkje sikre, seier Andreas Lindborg på vegne av seg, broren William og dei 8-10 kameratane i det uformelle styret til festivalen.

Søfteland Rock N LOL har av BT blitt kåra til Bergens Beste musikkfestival, av NRK lydverket blitt kåra til ein av dei ti finaste festivalane i Noreg og mottatt den lokale mållagsprisen og Os og Fusaposten sin kulturpris.

Sjå òg Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LOL

Festivalen har vakse frå foreldra sin hage for seks år sidan med nærmast dobling frå år til år fram til ny rekord med 4.500 besøkande på 1,5 døgn i 2012.

Tid er pengar - og motsett

– Det har ikkje stått på det økonomiske, det handlar om tid.

– Men det er klart, hadde vi hatt endå betre økonomi så hadde vi brukt mindre tid, no held vi kostnadane langt nede, og då blir mykje gjort på tyngste måte, seier Andreas.

– Det er heilt fantastisk kor mange som stiller opp, frå Os Rockeklubb med arbeidskraft og utstyr til Lyssand Blomstersalg/Lyssand Gartneri, som lét oss låna lastebilar. Men når alt skal gjerast billig og gratis, må ein gjerne venta til lastebilane står og den med førarkort er ferdig på jobb.

Bortsett frå Os kommune, som i år gav festivalen 100.000 kroner i støtte, har Rock N LOL ingen store sponsorar.

Nye favorittar

Medan William jobbar fulltid for Hundvin Management og Andreas både jobbar og studerer blir det for få timar i døgnet, spesielt når det nærmar seg festivalstart.

– Frå våren og fram mot festivalen er det sjølvsagt ekstra hektisk, men det å vera festivalarrangør følgjer deg resten av året òg, med booking og førebuing.

– Vi prøver å halda eit høgt nivå, både på artistane og på opplevinga av å vera her. Det handlar ikkje om å henta berre trygge publikumsmagneter, men kombinasjonen av å finna det kulaste og å visa fram dei vi trur kjem til å bli store - å gje publikum nye favorittar.

Det finnest ein serie eksempel på at Søfteland har vore staden å oppleva band som bli A-lista og får Spellemannspris om eit år eller to.

Bestemmer seg snart

Lindborg fortel at han og William til no har jobba som om det blir Rock N LOL i 2013.

– Vi har så vidt byrja å førebu oss og vi har opna dialog med nokre artistar.

– Men vi er ikkje sikre og vi må bestemma oss no snart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.