Kultur | 25. apr. 2020

Ingen Tysnesfest i år

– Me har i det lengste håpa og trudd at me kunne gjennomføra.

Ingen Tysnesfest i år
Tysnesfest har blitt arrangert kvart år sidan 2007, men blir tvungen til å ta ein pause i år. (Foto: Tysnesfest)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. apr. 2020 19:19

Stiftinga Tysnesfest må dessverre, på grunn av den pågåande koronapandemien og krav frå helsemyndigheitene, avlysa arrangementet Tysnesfest 2020, skriv festivalleiinga i ei pressemelding.

– Me har i det lengste håpa og trudd at festivalen skulle kunna gjennomførast, men etter retningslinjene frå myndigheitene, og med uvissa som rår i befolkninga, ser me no at dette er vårt einaste alternativ, seier dagleg leiar Øystein Vaage.

Tysnesfest har blitt arrangert kvart år sidan 2007, men den 14. festivalen i rekkja blir altså neste år.

Langhelga 7. til 11. juli 2021 er det duka for tidenes festival.

– Me reknar med publikum er festhungrige etter eit års pause frå Tysnesfest.

Ber om tolmod

Alle som har kjøpt billett vil få moglegheit til å få refundert desse.

– Men på grunn av mange tusen selde billettar, og ein enorm pågang hos Ticketco ber me om tolmod for å få på plass den endelege tekniske løysinga.

– Alle vil bli kontakta direkte av Ticketco om refunderingsalternativa dine så snart dei er klare.

Ei vond avgjerd å ta

– Det er med stort vemod me no må gå til dette steget. Styret i festivalen har hatt fleire ekstraordinære møter den siste tida, og me har nok sett at det er denne vegen det kom til å gå, men det gjer utruleg vondt å ta den endelege avgjerda.

– Årets lineup var etter mitt kanskje ikkje heilt objektive syn den beste lineupen me har hatt.

På plakaten sto blant andre Jason Derulo, Village People, Highasakite, TIX, Hellbillies, CC Cowboys og Hjerteslag.

– Sjølv om me har håpa på at festivalen skulle kunna gjennomførast har me òg vore heilt klar på at så lenge det finst smitte i samfunnet, og faren for oppblomstring er tilstades vil me ikkje seta liv og helse i fare ved å samla tusenvis av menneske på Tysnes i juli.

– Me kjem tilbake sterkare enn nokosinne i 2021!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.