Sport | 12. aug. 2014

Ingen vann Porschen

Ingen fekk «hole in one» då ei Porsche Cayman lag i potten under jubileumsturneringa til Bjørnefjorden Golfklubb sundag.

Ingen vann Porschen
Denne Porschen låg i potten då Bjørnefjorden arrangerte golfturnering i helga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 12. aug. 2014 13:54

Sist veke feira Bjørnefjorden Golfklubb 20 årsjubileum. Feiringa blei avslutta med golfturnering laurdag og sundag, kor ein Porsche Cayman låg i potten til den som klarte å få ballen i koppen på eitt slag på det niande holet under finalerunden sundag.

– Med stormen Lena på besøk blei det for tøffe tilhøve til at nokon klarte det.

– Vinden sto rett imot utslaget og førte ballane i alle retninger, fortel Eivind Hodneland, dagleg leiar på Bjørnefjorden Golfklubb.

Dramatisk laurdag

Laurdagen starta med relativt bra tilhøve og lite vind, men denne tok seg opp utover ettermiddagen.

– Spesielt dei som gjekk ut i siste startfelt fekk ei tøff runde.

– Meir dramatikk blei det då eit tre velta over ein av bilane som sto parkert på parkeringsplassen.

– Det er ikkje rart sponsorane våre frå Bergen Porsche Senter var litt uroa for bilane dei hadde køyrd opp her for å visa fram, men med dei gjekk det heldigvis bra.

Anders og Magnus på topp

Hodneland er trass utfordringane vêret gav godt nøgd med turneringa.

– Det blei ei bra turnering.

– Spesielt gøy var det å samarbeida med Bergen Porsche Senter, som i tillegg til å stilla med Caymanen også stilte med eit rikt premiebord.

– Vant gjorde tilslutt Anders Engelsen på 130 slag, det same som Magnus Engevik gjekk på, men sidan Anders har eit anna handicap så vann han turneringa, forklarer Hodneland.

Vil gjera det igjen

Jubileumsveka vurderar Hodneland som så vellukka at det fristar til å gjera det på nytt.

– Veka under eitt blei veldig bra.

– Vi kjem nok til å gjera noko tilsvarande som ei fast arrangement her oppe.

– Med Porsche i premie?

– Det er ikkje bestemt enno, men vi håper å få til noko tilsvarande også neste år.

– Einaste skilnaden eg ser for meg no er at avslutningsturneringa blir ei ope turnering i staden for ei invitasjonsturnering som det var i år, avsluttar Eivind Hodneland.

Klikk her for komplett resultatliste

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.