Karsten Austevoll sitt selskap Inka AS bygger ny fabrikk på til saman 5.500 kvadratmeter over to plan. (Foto/ill: Kjetil Vasby Bruarøy/Helgesen Tekniske Bygg)

Inka AS fekk milliardkontrakt - bygger fabrikk på 5500 kvm

Brussel: Europas mest moderne fabrikk skal byggast i Os.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fiskeriminister Harald T. Nesvik er blant gjestane på verdas største sjømatmesse, Seafood Expo Global i Brussel.

På bergensfirmaet Seaborn sin stand i den belgiske hovudstaden blir det i ettermiddag offentleggjort plan om det utstyrsleverandør Marel seier vil bli Europas mest moderne fiskeforedlingsfabrikk.

Marel sin kunde er Karsten «Kakki» Austevoll sitt firma Inka AS på Gjelevika i Søre Øyane.

– Me har fått ein stor kontrakt med kunden vår Seaborn AS, og må utvida. Nabotomta er kjøpt og planert, og rammeløyve er på plass, vi har mål om å starta bygginga om få veker, fortel Karsten Austevoll til Midtsiden.

Langsiktig kontrakt

Kakki har jobba med fiskeforedling på Gjelevika sidan 1983. Selskapet hans, Inka AS, omset laks og aure for 60-90 millionar kroner i året. No blir det langt meir.

– Behovet for utviding har vore der ei stund. For to år sidan gjekk me over til skift om hausten, no har me skift året rundt. I dag bruker me kvar millimeter av fabrikken. Me produserer for Seaborn, og kunden ønskjer stadig auka volum.

Austevoll fortel om langt og godt kundeforhold prega av gjensidig tillit. Dette har leia til storkontrakten, ein kontrakt av ein type og kaliber som skal vera sjeldan vare i oppdrett- og foredlingsbransjen.

– Kontrakten går over 8 år med 4+4 år opsjon. Den gir oss tryggleik til å investera i ny fabrikk.

Kunden Seaborn AS blei etablert i 2001 av ein del familieeigde bedrifter med lang erfaring innan oppdrett. Hovudkontoret er i Bergen.

250-300 millionar i året

I dag produserer Inka AS rundt 15 ulike produkt i til saman over 40 variantar av laks og aure. Volumet er på 6000 tonn i året.

– I ny kontrakt er me garantert 13.000 tonn i året, men kapasiteten er på 18.000 tonn.

Dette tilsvarar ein omsetnad på 250 til 300 millionar kroner i året, og minst to milliardar i første del av kontraktsperioden.

Inka AS søkjer no etter fabrikksjef som kan leia begge dei to fabrikkane.

– Kor mange arbeidsplassar er det her i dag?

– No når vi jobbar skift ligg vi på 70. Dette kjem naturlegvis til å auka, men vi vil lata komande ny fabrikksjef vera med på den prosessen.

Moderne bygg og utrusting

Bygningane på Gjelevika er gamle, men dagens fabrikk er topp moderne i innreiing og utrusting.

– Eg har hatt fokus at Inka skal vera blant dei fremste på utstyrsfronten, og vi har eit langt og godt forhold til Marel. No sørgjer vi for at ny fabrikk blir utstyrt med det aller nyaste av teknologi i marknaden.

Hovudentreprenør er Helgesen Tekniske Bygg AS. Byggestart er planlag om få veker. Fabrikken skal stå klar på seinsommaren i 2020.

Planteikningane viser to etasjar, første etasje på 3.000 kvadratmeter, inkludert blant anna over 830 kvm produksjon, fleire store kjøl- og fryserom og eige kvilerom for langtransportsjåførar. Andre etasje blir på 2.500 og skal hus ei lang rekke med kontor, kantine, fleire møterom, eit stort isoporlager, garderobar og treningsrom.

Familien er med på laget

Bygg med innreiing og utrusting tilsvarar ei investering på rundt 140 millionar kroner. Kakki eig framleis Inka AS åleine, men har med seg, i ulike stillingsprosentar, tre av borna, Linda, Kari Marie og Knut Jørgen. Søstera Kristin har vore med i ei årrekkje, broren Wilhelm Magne er òg del av laget.

– Eg fyller 65 år i år. Eg hadde ikkje tatt dette steget om ikkje eg hadde neste generasjon med meg, seier Kakki.

– Å sjå ringverknadane i nærområdet og resten av Osbygda er òg kjekt. Ved sidan av arbeidsplassane dette skaper har me i fleire år hatt sjanse til å støtta positive tiltak innan idrett- og kulturlivet i bygda. Det har vore ei stor glede, og det er noko me truleg i aukande grad vil halda fram med.

Fleire saker