Kultur | 23. feb. 2012

Inn på nye lister

Nokre dagar før starten på USA-turneen opplever ORBO & The Longshots vidare klatring på AMA-lista og debut på AAA-lista.

Inn på nye lister
– Det blir fleire turnear i år, men også ein konsert i Oseana, lover Ole Reinert Berg-Olsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. feb. 2012 21:42

ORBO & The Longshots sin singel "Nights Don’t Belong To Us" gjekk rett inn på topp 40-lista på AMA-Charts, i god tid før platelanseringa, og har frå debuten på 32. plass klatra til 28. plass, 23. plass og denne veka forbi Tom Waits og opp på 19. plass.

– Dette har blitt ein god start. Denne veka slepp vi dei to første singlane, "Magic" og "Highway Tears", over helga går turen til USA, fortel Ole Reinert Berg-Olsen.

Inn på nye lister

Medan AMA-lista er for sjangeren, americana, rock og blues, er AAA-, eller triple-A-lista som den blir kalla "meir som P4", ifølgje ORBO. Altså i konkurranse med pop-sjangeren.

– Og denne veka kom vi oss inn på den lista òg. Rett nok på 131. plass på topp 200-lista, men likevel bra, synes frontfiguren i det Os-baserte bandet.

Adele ligg på 2. plass, Train på 5. plass og Coldplay på 9. plass. ORBO har dessutan to låtar, "Magic" og "tittelsporet "Praire Sun" på 133 og 153. plass på FMQB-lista.

TV-kanalen CMT (Country Movie Television) har vist interesse for å lista musikkvideoen til "Highway Tears", når den kjem ut. Videoen er produsert av Varde Film og Media, også dei frå Os.

Femdobla satsing

Alle listene er basert på speletid på radio, ikkje på platesalet. Før han kan drøyma om plass på Billboard-lista må han få albumet ut i hyllene.

Og ORBO har trykt opp 10.000 eksemplar for den amerikanske marknaden, rundt det femdoble av kva han plar trykka opp som førsteopplag her heime.

Turné og lokal bursdagsfeiring

I neste veke reiser Ole og resten av bandet på turné. Turneen startar i Nashville før turen går vidare oppover austkysten av USA, innom jobbar i Atlanta, Washington og Philadelphia før New York og retur til Nashville via konsertar i New Haven og Rehobot Beach.

Heime i Noreg ventar konsertar i Bergen, Knarvik og Hafslo - og Os.

– Vi har spikra dato for konsert i Oseana før sommaren, den blir 12. mai, seier ORBO.

Låtskrivaren og vokalisten feirar seg sjølv helga før. Ole fyller nemleg 30 år i mai!

– Truleg tre turnear

ORBO & The Longshots kjem ikkje til å ligga på latsida etter USA-turneen og Oseana-konserten. Ny USA-turne ventar på forsommaren, kanskje blir det også ein turné i Europa.

– Vi ser at vi har mange som høyrer på oss i både Sverige, Hellas og Nederland. Eg trur det kan bli ein tredje turné etter sommaren, med Tyskland og BeNeLux-landa på programmet, seier Ole få dagar før han legg Amerika for sine føter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.