Lokal | 04. aug. 2020

Innbrot i bustad

Fleire gjenstandar av lågare verdi er sakna frå huset.

Innbrot i bustad
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. aug. 2020 07:10

Måndag morgon blei det oppdaga at det har vore ubedne gjestar i ein bustad i eit nabolag i Os aust.

– Det er snakk om eit «innstigings-innbrot», altså at dei som har vore der har gått inn gjennom ei open dør eller eit ope vindauge, fortel politioverbetjent Martin Nordeide.

Fleire gjenstandar er sakna, men dei skal vera av lågare verdi. Politiet vil ikkje seia kva gjenstandar det er snakk om, og fortel at det er uvisst om det var folk heime mens dette blei stole.

Politiet har foreløpig ingen mistenkte. Spor som er sikra på staden blir sendt til analyse snarast.

– Vi ser dette i samanheng med annan aktivitet i Os aust og Os sentrum den siste tida, seier Nordeide, og referer blant anna til tjuveri frå bil i Hatvikvegen, tjuveri av vin frå nattklubb og vandalismen i Hesthaugen i helga.

– Ta dine forholdsreglar!

Dei 4-5 huseigarane som var berørte vill i utgangspunktet ikkje melda hærverket, men politiet sa i går at det å melda ifrå om uønskt aktivitet kan ha sin verdi om det skulle dukka opp fleire, liknande saker.

– Samtidig vil vi oppmoda folk om å ta godt vare på tinga sine, og å hugsa å låsa hus, bodar og garasjar, seier Nordeide.

Etter omtale av hærverk i bodar og hagar i Hesthaugen har eit vitne fortalt Midtsiden om observasjon av ein mann og ei kvinne ved Vallabrua i 01-tida. Skildring av dei to er gitt vidare til politiet.

Rusa mann sprang etter folk

Måndag ettermiddag rykte politiet ut på eit oppdrag som etterkvart blei til to oppdrag.

I 16-tida fekk dei melding om ein mann som såg rusa ut, og som sprang etter folk i Os nord.

– Mannen, som er i 40-åra, fekk pålegg om å halda seg heime resten av dagen. Men i 19-tida møtte vi han igjen, og då sette han seg til motverge.

Vedkomande blei, etter å ha kjempa imot, køyrd til arresten i Bergen. Han blir meldt for både vald mot offentleg tenesteperson, forulemping av offentleg tenesteperson og for ikkje å retta seg etter pålegg frå politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.