Lokal | 24. mars 2019

Innbrot i garasje

Politiet: Utriggar på rek, aksjon mot bustad og melding om innbrot og tjuveri frå garasje.

Innbrot i garasje
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. mars 2019 08:38

Laurdag i 13-tida fekk politiet melding om innbrot i ein garasje i Os nord. Politiet reiste ut på åstadsundersøking.

– Vi har ikkje fått full oversikt over kva som er vekke, men det blei tidleg konstarte at det er stole ein del verktøy, opplyser politiet.

Det skal vera teikn på at gjerningspersonen har forsert ei hindring, altså at det er innbrot, ikkje tjuveri frå ulåst garasje.

Garasjen er frittsåande. Innbrotet skal ha skjedd ein av dei siste dagane, men kan ha skjedd fredag kveld.

– Huseigar skal ha høyrd nokre lydar utanfor, mellom klokka 18.30 og 19.30 ein gong, og det er mogleg at det var då det skjedde.

Aksjon mot bustad

Midtsiden fekk laurdag tips om væpna aksjon mot ein bustad i Os, også det nord for Os sentrum.

Politiet er foreløpig knapp med informasjon om saka.

– Eg kan stadfesta at vi aksjonerte mot ein person. Dette var ein førebudd aksjon, og den gjekk for seg utan dramatikk.

Del frå brygge på rek i Os sentrum

Søndag i 7-tida fekk politiet melding om at det låg noko som likna på ei lita flytebrygge på rek i Os hamn.

– Det viste seg å vera ein utriggar frå ei flytebrygge. Den er ikkje til fare for båttrafikk no, men kan bli det når det er mørkt.

Politiet har observert at det har vore fleire utriggarar som har lagt laust på flytebrygga på Steinneset-moloen, og ser ikkje vekk frå at det er ein av desse som har blåst på sjøen i løpet av laudag eller natt til søndag.

– Vi har kopla inn brannvesenet, som vil få denne til land.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.