Innbrot i sommarhus
Tysdag kveld var politiet på Røttingen for å sjekka åstad etter innbrot. (Oppdatert)


Tysdag kveld var politiet på undersøking på Kobbavågen saman med eigaren av sommarhuset.
- Ei rute er knust og ei dør er opna. Førebels ser det ikkje ut som om noko er sakna frå fritidsbustaden, seier politibetjent Therese Berensen til Midtsiden.no.
Eigaren har ikkje vore i sommarhuset på fleire månadar. Innbrotet blei oppdaga av ein hyttenabo som var oppom på ein liten sjekkerunde.
Midtsiden.no har fått tips om at det også var aktivitet på eigedomen den same dagen som det var biljakt i Strøno og flukt i båt til Søre Øyane. Dette kjente ikkje Berensen til.
- Er det spor som tilseier at nokon har overnatta i sommarhuset?
- Nei, det er det ikkje, svarar politiet.
Lyset sto på
Inglaug Brimsholm, som tysdag tok ein ungdomsgjen på fersken då dei braut seg inn på lageret hennar, var same kveld med på å oppdaga innbrotet på Kobbavågen.
- Ei venninne av meg sa det hadde vore lys på i den eine bygningen i førre veke. Vi ringte ei her ute som har nøkkel, men det var ikkje ho som hadde vore utom, fortel Inglaug.
I eit anna hus enn der lyset hadde stått på, fann politiet spor etter innbrot. Det skal ha lukta rart i huset, og eit henslengt handklede kan tyda på at nokon har nytta sommarhuset til å stella seg.