Lokal | 06. aug. 2012

Innbrot og røyk frå båt

Politirapport:Knust rute i gymsalen på Lysekloster skuleKraftig røyk frå båt i Søre Øyane

Innbrot og røyk frå båt
Torsdag blei det oppdaga at ei rute i gymsalen på Lysekloster skule var knust (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 06. aug. 2012 09:53

Politiet fekk måndag morgon melding om ei knust rute og mogleg innbrot i gymsalen på Lysekloster skule.

- Rektor ringde meg no i morges, men den knuste ruta skal ha blitt oppdaga allereie torsdag.

- Så langt dei veit skal det ikkje ha blitt tatt noko frå gymsalen.

- Det kan vel kanskje tyda på at det er nokre ungar som har vore på ferde, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Kraftig røyk frå båt

Laurdag ettermiddag kom det melding om kraftig røykutvekling frå motorrommet på ei båt i Søre Øyane.

- Det skal ikkje ha vore noko eld, så truleg var det ei oljelekkasje som forårsaka røyken.

- Så vidt eg veit skal dei som var involvert kome frå det uten skadar, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.