Lokal | 19. juni 2018

Innbrot og tjuveri av motorsykkel

To helger på rad har Os MC & MX Klubb vore utsett for innbrot, tjuveri og innbrotsforsøk.

Innbrot og tjuveri av motorsykkel
Os MC & MX Klubb har blitt utsett for innbrot og innbrotsforsøk to helger på rad. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. juni 2018 09:21

– Os MC & MX Klubb har vore utsett for innbrotsforsøk, opplyser Os lensmannskontor.

Karl Atle «Kalle» Pedersen fortel at klubbhuset i Kolskogheiane har hatt både innbrot, tjuveri og innbrotsforsøk.

– For ei god veke sidan var det innbrot i klubbhuset. Dei stal ein crossykkel på 150 kubikk og noko køyreutstyr, blant anna ein hjelm.

Dei hadde tatt seg inn i klubbhuset ved å knusa ei rute i kiosken.

I går blei det oppdaga at nokon har prøvd å gjera innbrot også i helga som var.

– Det er gjort forsøk på å bryta opp eit låssystem på ein konteinar.

– Har nok av utgifter for tida

Motorsykkelen som blei stolen er «Kjør for livet» sin. Kjør for livet er eit tilpassa fritids- og aktivitetstilbod for born og unge som er utanfor eksisterande fritidstilbod, og skal blant anna vera med på å halda ungdomen opptatt med sunne aktivitetar.

– Det står ingen privateigde motorsyklar i klubben, men vi har tre små motorsyklar for utleige til nye medlemmar, og denne, som er Køyr for livet sin. Det ligg mange timar med dugnadsjobbing og sal av lodd bak kvar einaste ting vi har av verdi. Det er ekstra trist når idrettslag blir utsett for hæverk og tjuveri, synest Kalle.

– Vi har nok av utgifter for tida,i samband med bygging av ny bane. Dette kjem på toppen av ein travel og dyr periode.

Den nye banen blir over 800 meter lang, dobbelt så lang som den gamle, og skal opna 15. september i år.

Motorsykkelen blei funnen i Fana

– Sist vi hadde innbrot var for 3-4 år sidan. Då blei det stole køyreutstyr frå ein konteinar. No ser det ut som om vi må låsa oss endå meir inne.

Motorsykkelen er seinare funne igjen i Fana.

– Politiet har den framleis, i samband med etterforsking, så vi veit ikkje kva stand den er i.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.