Politi | 27. sep. 2022

Innbrot på Søre Neset - funn av tjuvgods på Søfteland

Fleire verdifulle varer stolen frå kjellar.

Innbrot på Søre Neset - funn av tjuvgods på Søfteland
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. sep. 2022 06:39

Måndag morgon i 09-tida fekk politiet melding frå ein privatperson frå Søre Neset som hadde hatt innbrot i ein kjellarbod.

– Fleire ting var sakna frå kjellaren, blant anna to avfuktarar og eit måleinstrument, verdiar for til saman rundt 10.000 kroner, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Innbrotet har skjedd i løpet av helga. Saka blir meldt og etterforska.

Fann sekk med tjuvgods

Litt før klokka 15 måndag fekk politiet melding om funn av tjuvgods i ein sekk. Funnet blei gjort på Søfteland.

– Det låg blant anna noko adressert post i sekken. Eigar av posten vil bli kontakta.

Tjuveri frå bedrift

Dei siste vekene har det vore fleire tjuveri frå firma i Os, på ulike adresser nord for Os sentrum.

Måndag fekk politiet melding om nok eit tilfelle.

– Det er stole verktøy for store verdiar frå bedrifta. Vi har vore på staden og sikra spor, og sak er oppretta.

Politioverbetjent Atle Birkeland. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les òg– Det kan sjå ut som om dei har vore på fleire raid

Svindelforsøk via Facebook

Klokka 21.45 måndag kveld blei politiet kontakta av ei kvinne som var forsøkt svindla.

Politiet opplyste først at svindelforsøket var utført av ein som utgav seg for å vera politi. Det stemmer ikkje.

– Det var ein som utgav seg for å vera ein Facebook-ven. Vedkomande sa at kvinna var med i ein konkurranse, og ba om personlege opplysingar for å utbetala premie.

– Politiet åtvarer folk mot å oppgi personleg informasjon via Facebook eller messenger, også om det ser ut som å koma frå kjente.

I løpet av måndag kveld avskilta politiet ein bil parkert nord for Os sentrum. Årsaka var manglande EU-godkjenning, og informasjon blei lagt på ein lapp i frontruta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.