Lokal | 02. mai 2019

Innbrot, pengeinnkreving og to jenter på rømmen

Her er sakene politiet har fått melding om i løpet av dei to siste døgna.

Innbrot, pengeinnkreving og to jenter på rømmen
To 14 år gamle jenter blei observert på Os terminla i 6-tida om morgonen. Det viste seg at dei hadde rømt frå Sotra. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. mai 2019 08:46

Politiet har hatt ei rekkje oppdrag og meldingar i løpet av tysdag, natt til 1. mai og i løpet av gårsdagen.

Tysdag klokka 12.20 blei ein mann vist vekk frå Kyrkjeflaten i Os sentrum. Han var høgrøysta, framsto som rusa og fekk pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum.

I 18.30-tida fekk politiet melding frå nokre ungdomar som hadde funne ein ryggsekk med ein PC i.

– Vi vil takka ungdomane som meldte frå! PC-en var merkt, så vi hadde ikkje problem med å finna eigar, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

To jenter frå Sotra funnen i Os

I 6-tida onsdag morgon fekk politiet melding om to unge jenter som sat på Os terminal.

– Det viste seg at dei to var på rømmen. Vi kontakta foreldra, som kom og henta dei.

Jentene er 14 år gamle og hadde rømt frå Sotra.

Innbrot på Ferstad

I løpet av 1. mai oppdaga ein turgåar at det har vore innbrot i eit hus på Ferstad. Det skal ikkje bu folk i huset.

– Ei rute er knust og ei dør sto open. Vi veit førebels ikkje om noko er sakna frå huset.

To menn ville krevja inn pengar

Onsdag fekk politiet melding om to menn som hadde dukka opp på ei adresse, og sagt at ein av dei som bur der skuldar dei pengar. Dei nekta å gå før dei hadde fått desse pengane.

– Fornærma er ein mann i midten av 40-åra, dei to som kom for å krevja pengar er i slutten av 40-åra og i 50-åra.

Det var far til fornærma som kontakta politiet, som møtte opp og viste dei to vekk frå staden.

Høg musikk og bekymringsmelding om russen

Klokka 00.45 natt til 1. mai fekk politiet inn klage frå Kuventræ på støy frå russen.

– Meldar lurte på om russen hadde flytta festen frå Sigurdsvika, der dei har lov å vera, til Kuventræ. Det veit vi ikkje, men vi har fått informasjon om at minst éin av russebilane har eit anlegg som speler uvanleg høg musikk. Det er blant anna første gong nokon i Kuvågen har sagt at dei har høyrd musikk frå Sigurdsvika, utan at vedkomande frå Kuvågen har klagd på lyden.

Nokre minutt før meldinga om støy kom inn, var det ein innringar som fortalte at nokre av russen rusa seg på hasj og ecstacy.

– Vi har notert bekymringsmeldinga, men har ikkje noko meir konkret enn denne meldinga, og veit ikkje kva som ligg i den.

Påkøyrd hjort

I 5-tida natt til torsdag fekk politiet melding om påkøyrsle av hjort på Bogstrand.

Det var ingen personskade, men hjorten låg skadd igjen på staden. Viltkontakt blei varsla og tok seg av dyret.

Politiet har òg fått melding om støy frå bjeffande hundar, på ei adresse der problemet har vore gjentakande.

– Her vil det bli tatt grep, seier politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.