Politi | 20. juni 2025

Innbrotsforsøk ved Velumsbrekkene

Ein person vart observert i eit bustadområde torsdag morgon, etter at ein bebuar vakna av mistenkelege lydar.

Innbrotsforsøk ved Velumsbrekkene
Meldinga kom inn til politiet over tre timar etter observasjonen. Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokafredag 20. juni 2025 09:31 - Sist oppdatert 20. juni 2025

Torsdag morgon vakna ein bebuar i Velumsbrekkene av lydar rundt klokka 05.30, og observerte ein person på staden.

Personen hadde forsøkt å bryta seg inn ein dør til eit uthus.

– Blå jakke og halvlangt hår, slik blei personen skildra, skriv politioverbetjent Knut Magnus Fjeld i ein e-post til pressa.

Meldinga om innbrotsforsøket fekk politiet først i 9-tida.

– Oppdraget blei avslutta med «Ikkje kapasitet», seier Fjeld.

Oppdatering klokka 14:

Midtsiden har blitt kontakta av ein innringar som vil opplysa om at hendinga var annleis, og meir alvorleg, enn det som kjem fram i politiloggen.

– Det var snakk om inngangsdøra til ein bustad, seier tipsaren.

Tidspunktet var også annleis enn rapportert over. Hendinga skal ha skjedd klokka 00.45.

– Det kan vera greit for folk i området å vita om, i fall andre har opplevd noko liknande, eller gjort observasjonar.

Midtsiden har bedt politiet stadfesta den nye informasjonen, men har endå ikkje fått svar.

Oppdatering klokka 15:

– Det var snakk om eit bebodd uthus, spesifiserer politioverbetjent Fjeld om meldinga frå politiloggen.

– Eg kjenner ikkje til tidspunktet frå tipsaren. Meldinga til politiet gjekk ut på at dette skal ha skjedd klokka 05.30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om