Jakt, fiske og natur | 02. juni 2021

Innfører fisketid i sjø grunna mykje aure med lus

Mykje aure samlar seg nær Oselvo. Det er eit dårleg teikn.

Innfører fisketid i sjø grunna mykje aure med lus
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. juni 2021 13:04

Statsforvaltaren i Vestland innfører fisketid etter anadrom fisk i alle fredingssoner i regionen Hordaland.

– Regelen gjeld frå 1. juni, seier seniorrådgjevar Gry Walle frå Statsforvaltaren Vestland.

Årsaka er at det har kome inn uvanleg mange meldingar om aure med lus, og aure som går til brakkvatn og elver for å avlusa seg.

Også i Os hamn sto det mykje småaure med lus i helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Også i Os hamn sto det mykje småaure med lus i helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Det har aldri vore så ille i mi tid som fiskeforvaltar, seier Walle til Midtsiden.

Ho har hatt jobben sidan 2010.

– Mykje av fisken er sterkt skadd, og ein del av dei vil dø. I tillegg er uvanleg mykje fisk samla nær elvene, men denne bør i redusert grad fiskast på.

I Os går fredningssona frå Moldaneset til Ferstadneset.

– Håper folk blir med på dugnaden

Innføring av fisketid betyr at det er forbode å fiska aure for eksempel ved Solstrand eller i Mobergsvikjo, utanom fisketida i Oselvo.

I Oselvo opnar forskrifta for fiske etter aure frå 15. juli og ut august. Den same fisketida gjeld med andre ord i fredningssona.

– Sjølv har vi i grunneigarlaget freda elva for aurefiske i ti år no. Men sidan forskrifta frå direktoratet opnar for fiske i fredningssona, blir det ikkje eit totalforbod i sjøen, folk kan fiska frå 15. juli og ut august, seier formann i grunneigarlaget Roald Helle.

– Men vi håper folk hjelper oss med denne dugnaden. Før blei det fiska tusen aure i året i Oselvo. No, etter ti år med freding, har stamma så vidt tatt seg opp igjen. Dette viser at det ikkje er fisket som har vore hovudproblemet med bestanden.

– Mykje aure har gått opp elva, men om mykje av fisken som framleis står i sjøen dør, så blir det feil å fiska på desse.

Aure på veg opp Oselvo med eit teppe av lus på ryggen og oppspiste finner. (Foto: Skynordic)
Aure på veg opp Oselvo med eit teppe av lus på ryggen og oppspiste finner. (Foto: Skynordic)

– Mykje av fisken er dessutan for svak for catch and release, for svak til å bli leika med, så her gjeld det å fiska etter torsk med tyngre sluk framfor å la ein skei-sluk på 16 gram leika i overflata.

Grunneigarlaget kan be Statsforvaltaren å fjerna fisketida på aure, at den blir totalfreda i år.

– Vi skal ha hastemøte om situasjonen, men eg tviler på at vi vedtar eit slikt innspel. Aurefiske kan vera ein kjekk inngang til sportsfiske for ungar, og eg ser ikkje for meg at vi ønskjer å ta frå dei denne sjansen seinare i sommar.

Det er framleis lov å fiske etter marine artar i fredingssona, med eigne reglar i 100-meterssona.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.