Lokal | 08. feb. 2017

Innfører nytt våpenamnesti

Frå 1. mars til 31. mai kan du ustraffa melde frå til politiet om du har uregistrerte våpen liggande heime.

Innfører nytt våpenamnesti
Frå 1. mars blir det innført våpenamnesti i hele landet. Då kan du kontakta lensmannskontoret om du har uregistrert våpen liggande heime (ill.foto: KVB)
Andris Hamreonsdag 08. feb. 2017 08:51

Regjeringa beslutta 13. januar å innføre eit tidsbegrensa nasjonalt våpenamnesti.

– Det tyder at du i perioden frå 1. mars til 31. mai kan kontakta oss for å melde frå om du har eit uregistrert våpen liggande heime, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Målet med amnestiet er å få vekk ulovlege våpen. Det blei gjennomført tilsvarande våpenamnesti i 2003/2004 og i 2008. Då blei det innlevert omlag 35 000 og 7000 skytevåpen til politiet.

– Ulovleg våpenbesittelse utgjer ein risiko for samfunnet. Erfaringar viser at våpenamnesti er eit godt virkemiddel for å redusera talet på uregistrerte skytevåpen, seier justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (FrP) i ei pressemelding.

Kan få våpen etterregistrert

Amnestiet inneber at dei som har registreringspliktige skytevåpen utan å ha tillatelse, slipper straff om dei varslar politiet i det aktuelle tidsrommet.

– Det er grunn til å tru at det framleis er ein del ulovlege skytevåpen, våpendelar og ammunisjon i privat eige. Eit nytt våpenamnesti vil bidra til å betre politiets våpenkontroll, seier Amundsen.

Våpenamnestiet vil bli gjennomført på same måte som tidlegare. Det vil vera mogleg heit for etterregistrering, vidaresal, deaktivering eller destruksjon av uregistrerte og registreringspliktige skytevåpen. I tillegg vil det bli lagt til rette for innlevering og destruksjon av ammunisjon og innlevering av våpen eller liknande som ikkje er registreringspliktige skytevåpen, men som er forbode å eige eller ha etter våpenlovgivinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.