Innfridde i Vasaloppet
11. minutt bak Skofterud: Trass litt høge målsetnadar og massevelt i starten klarte brørne Gunnar Bøthun og Sigurd Beldo både målet med rennet og å klatra kvar sine 200 plassar i Vasaloppet.
Vibeke Skofterud blei i dag historisk då ho som første norske kvinne vann Vasaloppet. Vinnartida 4.08,24 er også rekord.
Frå 1924 til 1981 var det forbod mot kvinner i Vasaloppet.
Det 90 kilometer lange løpet er berre vunne av tre andre nordmenn; Ole Ellefsæter (1971), Anders Aukland (2004) og Jørgen Aukland (2008).
Klatra 200 plassar
Brørne Sigurd Beldo (36) og Gunnar Bøthun (29) frå Os var også med.
Les òg: Store smil før 9 lange mil
Ingen av dei kjempa i toppen, men begge har grunn til å vera nøgd med eigne prestasjonar.
Gunnar hamna på rundt 1000. plass i fjor, kom på 898. plass i år. Storebror Sigurd, som hamna på 509. plass i debuten i fjor, landa på 312. plass.
– Eg syntes Gunnar la litt press på oss då han sa til Midtsiden at eg skulle gå på 4.30 og han på under 5 timar, men jaggu gjekk det bra, seier Sigurd nøgd.
Sigurd gjekk på 4.19,49 (11 minutt seinare enn Vibeke Skofterud), Gunnar gjekk i mål på 4.45,21.
Jörgen Brink vann herreklassen for 3. år på rad og slo samstundes den 14 år gamle rekorden med 16 sekund då han gjekk i mål på 3.38.41.
Med i massevelt
Sigurd og Gunnar fekk gode tider, men starten var ikkje optimal.
– Vi kom litt seint til startfeltet og fekk ikkje spesielt god posisjon. Men no er vi kvalifisert til å stå litt betre i startfeltet neste år, seier Sigurd om løpet som samlar rundt 16.000 deltakarar til fellesstart (!) kvart år.
Sigurd var dessutan med i massevelt tidleg i løpet.
– Eg såg dei låg der, ei gruppe med deltakarar, og prøvde å svinga unna. Men når du har 16.000 i ryggen så er det ikkje så lett, så både eg og fleire bak meg blei med i velten.
Han reknar med han tapte ein del minutt på å hamna i denne floken, men er glad han ikkje øydela noko utstyr i uhellet.
– Jakta på passeleg pulje
Sigurd kom seg på beina igjen og heldt fram i løpet.
– Det var godt føre og veldig kjekt å gå i dag. Eg er ikkje spesielt sliten heller, seier han etter 90 kilometer på ski.
– Det handlar stort sett om å få i seg nok næring, du går heile tida på grensa til å gå tom. Og så gjeld det å finna nokon som går cirka like fort som deg, å gå i ei lita gruppe og skifta på å dra er stor fordel.
Sigurd fann nokre svenske løparar som han gjekk i gruppe med eit godt stykke.
Vil gå frå Finland til Noreg
Medag Gunnar blant anna skal gå Skarvarennet før skisesongen er over har Sigurd meir nordlege planar.
– 1. april ventar Saami Ski Race, om lag same distanse som Vasaloppet, men langt færre deltakarar.
Saami Ski Rac går frå den finske byen Hetta til den norske byen Kautokeino.
– Det er eit skøyterenn, så no kjem det til å gå i trening på skøyting i nokre veker, seier Sigurd på veg til Oslo med buss frå Sverige saman med broren Gunnar.