Lokal | 30. mai 2019

Inngår «sykkelby-avtale» verdt 800.000 kroner

Pengane skal gå til å «bidra til ei raskare gjennomføring av tiltak som aukar framkome for gåande og syklande».

Inngår «sykkelby-avtale» verdt 800.000 kroner
Ein sykkelbyavtale er forpliktande for partane, og det vert stilt krav til deltakarane om å fokusera særskilt på sykkel i planarbeidet framover. (Ill. bilde frå Os Rundt 1. mai, foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. mai 2019 08:02

I går delte Hordaland fylkeskommune blant anna ut 629.000 kroner til breibandutbygging i Os og 250.000 kroner til senterutvikling.

Os, og seinare Bjørnafjorden kommune, fekk òg samrøystes inngått tilsvarande «sykkelby-avtale» som Bergen, Stord og Fjell, og får 200.000 kroner i året frå 2019 til 2022.

Opnar for fleire midlar

SVV har oppretta eit sykkelbynettverk for tilsette i kommunar, fylkeskommunar og Statens vegvesen, som er partar i ein sykkelbyavtale. Sykkelbynettverket arrangerer mellom anna temasamlingar og studieturar som er retta mot både fagfolk, planleggarar og beslutningstakarar.

I regional transportplan 2019 - 2029 er eit av tiltaka å vurdere sykkelbyavtale i dei ulike regionsentra i fylket.

– I tillegg vil Os kommune gjennom denne avtalen kunna søka om statlege midlar til utvikling av sykkelsatsinga i Os, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).

• Les òg: Deltar i «sykla til jobben»-kampanje (2017)

«Det er eit stort potensial for å auke sykkelbruken i Os kommune, og ved å inngå sykkelbyavtale vert sykkelsatsinga styrka og kommunen vert prioritert ved tildeling av statlege tilskotsmidlar for sykkeltilrettelegging» står det i innstillinga som i går blei samrøystes vedtatt.

Dei nemner samtidig tre hovudmotiv for satsinga:

Klima: Tilrettelegging for auka sykkelbruk har som målsetting å få fleire til å nytte sykkel framfor privatbil. Ei slik utvikling vil ha ein positiv påverknad på klimautslepp frå transportsektoren.

Folkehelse: Auka sykkelbruk bidreg til ein meir aktiv befolkning og gir ein positiv effekt på folkehelsa.

Regional planstrategi: Fylkeskommunen har som langsiktig mål at fylket skal vere meir berekraftig, og legg til rette for ein meir klima- og miljøvenleg utvikling. Å stimulere til auka sykkelbruk vil vere eit steg i riktig retning for å nå målsettingane i Regional planstrategi.

Forpliktande avtale

Ein sykkelbyavtale er forpliktande for partane, og det vert stilt krav til deltakarane om å fokusere særskilt på sykkel i planarbeid og gjennom ulike arrangement og kampanjar.

Kommunen skal jobba vidare med ny sykkelstrategi som skal sikra gjennomføringskraft og forpliktande oppfølging gjennom fast rullering/revisjon.

Sykkelstrategien skal vurderast ut i frå Bjørnefjorden kommune, etter samanslåinga av Os kommune og Fusa kommune i 2020.

• Les òg: Elsykkelsatsing på Nore Neset

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.